Endre Brenne sette inn 1-0 i det 17. minutt, men vart dessverre den einaste osingen som skåra mot Fyllingsdalen. Dermed vart det 1-2-tap.
Endre Brenne sette inn 1-0 i det 17. minutt, men vart dessverre den einaste osingen som skåra mot Fyllingsdalen. Dermed vart det 1-2-tap.

Bittert tap for Fyllingen

Endre Brenne sende Os i leiinga i det 17. minutt, men Fyllingen kom sterkt tilbake, putta to og tok dermed med seg alle poenga frå Kuventræ laurdag.

Os kom godt i gang heime mot Fyllingsdalen. I det 17. minutt ekspiderte Erik Kanestrøm eit frispark perfekt inn til Endre Brenne, som stonga ballen i mål. 1-0 fekk stå seg i 20 minutt, før Fyllingsdalen utlikna med då Knut Spanglo Haga var uheldig å skåra sjølvmål.

Kampen var elles ein jamn affære. Etter pause kunne kampen vippa begge veger, men då Kjetil Kalve kom seg frå på bakre stolpe i det 77. minutt, var det Fyllingsdalen som fekk gå opp til 2-1-leiing.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os skapte sidan eit par sjansar, men fekk dessverre ikkje mål og poeng.

– Det  var ein jamn kamp der me hadde fortent poeng. Ok innsats, men kjipt resultat, oppsummerer opmann Stian Kvåle.

Neste laurdag spelar Os borte mot tabelltrear Sotra. Der må dei gulsvarte verkeleg prestera, om ikkje dei skal gå på sitt tredje nederlag på rad.