Stornøgd: Vegard Leikvoll Moberg var direkte avgjerande i Brann sin andre bortesiger for sesongen. Han kom inn frå benken og sikra vinnarmålet seks minutt på overtid i kampen mot Skeid tysdag kveld.

Blei helten seks minutt på overtid

Osingen Vegard Leikvoll Moberg (31) kom frå benken og avgjorde for Brann borte mot Skeid.

Det stod 2-2 då Leikvoll Moberg med eit nydeleg hovudstøyt sende ballen i motsett hjørne bak Lars Kvarekvål i Skeid-buret. Borteoppgjeret såg ut til å enda i poengdeling for raudtrøyene, som to gonger tidlegare i kampen hadde teke leiinga, berre for å sjå at heimelaget svara kort tid etter.

— Fy f..., så kjekt. Det er så fortent. Ei helt ubeskriveleg kjensle, sa Brann-helten til Discovery etter kampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leikvoll Moberg sa også at heimelaga skåra på to halvsjansar og at det er ekstra godt å få vinnarmålet på overtid i ein kamp der ein har stonga og stonga.

Osingen kom inn etter vel 55 minutt spelt. Han erstatta Niklas Jensen Wassberg.

Vinnarmålet kom i tillegg framfor eigne fans, og utløyste vill jubel frå dei tilreisande i borteseksjonen.