Bortekampen mot Brann 2 enda med eit 2-0-tap for Os i kveld. (Arkiv
Bortekampen mot Brann 2 enda med eit 2-0-tap for Os i kveld. (Arkiv

Blei straffa mot Brann 2

Os hadde høve til å krypa opp i ryggen på tredjeplassen, Varegg, i kveld. Men bortekampen mot Brann 2 på Nymark enda med eit 2-0-tap.

Os ligg etter tapet framleis på fjerdeplass. Fem poeng framfor Bjarg, og fire poeng bak Varegg. Dei gule og svarte kunne visa til god form før kampen på Nymark i kveld. Tre sigrar på dei siste tre, og 13-1 i målskilnad let seg absolutt høyra. Men Brann 2, som ligg heilt i toppen, var eit hakk kvassare i kveld og vann til slutt 2-0.

Ifølgje rapportene var det ein jamn kamp mellom dei to. Os hadde mellom anna eit skot i stolpen før pause. Brann 2 stilte med ungdomar, og ingen av dei meire rutinerte A-lagsspelarane. Likevel, var dei det beste laget i kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er utruleg at vi ikkje skårar i dag, seier ein Os-supporter.

Sigeren gjer at Brann 2 aukar avstanden ned til laga bak, og leiar med fire poeng til andreplassen. Os ligg 13 poeng bak på ein fjerdeplass.

Neste sjanse til å ta ein ny trepoengar kjem kommande måndag. Då kjem Åsanes andrelag på besøk på Kuventræ.