Trond Førde Eriksen er nøgd med Os-damene sin opning, men meiner dei har ein del å gå på offensivt. (Arkivfoto)
Trond Førde Eriksen er nøgd med Os-damene sin opning, men meiner dei har ein del å gå på offensivt. (Arkivfoto)

Bra resultat på middels dag

Med 27-22 over Vikersund står Os-damene med full pott til no. Men søndagens kamp var ingen toppkamp.

- Eg er strålande nøgd med serieopninga og dei kampane me gjorde i cupen tidlegare i haust. Men når det er sagt, så var ikkje Vikersund-kampen på søndag den aller beste. I alle høve ikkje angrepsmessig, seier trenar Trond Førde Eriksen.

Gamle synder

Til no har osingane møtt to austlandslag i den nye nasjonale 2. divisjonsserien. Trenaren er så som så imponert over motstanden.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Skrim var svekt då dei møtte oss. Likevel gjorde me ein god kamp. Vikersund var hakket betre, men mest av alt vann me på vilje og godt forsvarsspel. I angrep vart det litt mykje ein og ein. Me fall rett og slett litt tilbake til gamle synder, seier trenaren.

Heldigvis lukkast jentene mykje individuelt.

- Emilie (Hjertnes) var solid på streken, og Thiet (Dang) var trygg frå straffemerket. Dei var viktige mot Vikersund, seier trenaren.

Teke gode steg

Uansett trur Førde Eriksen at laget er betre i år, enn dei var i fjor.

- Eg føler det. Eg synest jentene har teke mange solide steg i rett retning etter at eg starta å trena dei i lag med Gitte (Torp) i fjor sommar. Og starten på årets serie, reint resultatmessig, er kjempemessig, meiner trenaren.

Kor god dei verkeleg er, får han svar på neste torsdag.

- Då møter me Stord borte. Dei har også fått ein god start, og i vår banka dei oss skikkeleg. Om me skal ta poeng frå dei, må me få meir dreisen på det kollektive angrepsspelet, konstaterer trenar Eriksen.