Karoline hamna på 3. plass i Noregscupen i rallycross for juniorar. Dermed står ho med pallplass i begge sine to første sesonger som rallycrossførar.
Karoline hamna på 3. plass i Noregscupen i rallycross for juniorar. Dermed står ho med pallplass i begge sine to første sesonger som rallycrossførar.

Bronse til Karoline Breivik i Noregscupen

Rallycross-føraren er strålande nøgd med 3. plass i Noregscupen, sjølv om ho låg an til 2. plass før siste runde på Momarken.

I fjor stakk Breivik av med 2. plass totalt i Noregscupen i rallycross junior, i det som var hennar debutsesong.

- Kva var målsetjinga i år?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Då eg låg på andreplass etter nokre løp, håpte eg å halda plassen heilt ut, eller til og med klatra til første. Men eg er likevel ikkje skuffa over 3. plass. Det er eit resultat eg er veldig nøgd med, seier ho.

Bilen rulla rundt

I dei to innleiande rundane av avslutninga av Noregscupen, køyrde ho inn til 5. tid og 8. tid, før bilen rulla rundt i tredje omgang.

- Eg fekk bilen i gang igjen til fjerde runde, der eg kom på tredjeplass, men eg fekk ikkje køyrd finale, seier ho.

Til helga tevlar Karoline om førsteplassen i Vestlandsmeisterskapen.
Til helga tevlar Karoline om førsteplassen i Vestlandsmeisterskapen.

Dermed hamna ho på 3. plass totalt.

I leiinga i Vestlandsmeisterskapen

Til helga reiser rallycrossføraren til Vikedal, der siste runde av Veistlandsmeisterskapen går av stabelen. Før det startar, ligg Breivik på førsteplass, men ho tvilar på at det held heilt inn.

- Me køyrer seks løp kvar sesong. Tre før sommaren og tre etter. Me må stryka eitt løp i kvar del av sesongen, slik at berre fire av dei tel, seier ho.

Etter at rundane er stroke, ligg ho rett bak leiiaren.

- Han har ein betre bil enn meg, med 100 hestekreftar meir, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reknestykket er enkelt. Vinn ho til helga, så tronar ho øvst på podiet.

- Han som leiar skal også køyra til helga. Eg må slå han for å vinna, seier Breivik.