Tore Nielsen, her frå tida i Lysekloster, har signert kontrakt med Varegg ut sesongen.
Tore Nielsen, her frå tida i Lysekloster, har signert kontrakt med Varegg ut sesongen.

Comeback for Tore Nielsen

Det blei med ein halv sesong borte frå fotball for Nielsen. - For at eg skulle gjera comeback, var det viktig å koma til ein klubb med ambisjonar. Det gjer eg no, seier han.

Etter sommaren trer søftelendingen inn i trenar-teamet til Varegg, som er i same avdeling, og seks poeng framfor Os.

- Dei kontakta meg før jul, men då sa eg nei fordi eg var sjuk, og fordi eg framleis var innstilt på eit friår. No tok dei kontakt igjen, og eg fann ut at det kan vera greitt å koma seg i gang igjen, seier Nielsen og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg skal følgja sonen min Mats gjennom Norway Cup som tilskodar, og sluttar meg til Varegg til hausten. Eg gler meg stort.

Liknar på Lysekloster

Fleire klubbar har tatt kontakt med trenaren i løpet av det siste halvåret, men utanom Varegg, har det ikkje vore det heilt store.

- Eg ønskjer å vera med på noko ambisiøst. Eg ser ikkje noko poeng i å gå inn i ein klubb som ikkje satsar, seier Nielsen.

Søftelendingen har fleire periodar bak seg i Os, og i 2015-sesongen var han del av trenarteamet til Lysekloster. Han fekk ikkje halda fram etter sesongen, men han har ikkje noko vondt å seia om klubben.

- Lysekloster var ein fin klubb å vera i, og eg kan sjå tilbake på eit år med mange hyggelege minne. Ein grunn til at Varegg freista, er at dei liknar på Lysekloster som klubb. Dei er gode på spelarlogistikk, og flinke til å trekkja til seg gode spelarar. I tillegg er dei ambisiøse, seier Nielsen.

Kontrakt ut året

Sidan sesongen var over i fjor, har Nielsen brukt tida på å sjå på fotball, og ikkje minst trena.

- Eg er nok i betre form no enn då eg var 25. Akkurat det er nesten litt skremmande, seier han og ler.

- Eg har eigentleg ikkje sakna å vera trenar, men Varegg har likevel freista meg til å gjera comeback.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nielsen har møtt Varegg som trenar for både Os og Lysekloster. Han veit kven dei fleste spelarane er, men det er berre to han kjenner godt.

- Ein av spelarane var del av laget mitt då eg trente Bergen Nord. Kjetil Hansen kjenner eg også godt. Det blir kjekt å jobba med han igjen. Han er ein ambisiøs gut, og ein fin fyr. Ikkje minst er han ein kjempekeeper.

I første omgang har Nielsen skrive kontrakt med 3. divisjonsklubben ut sesongen.

- Dei ville at eg skulle signera kontrakt ut neste sesong, men eg ønskte i første omgang å skriva kontrakt ut inneverande sesong. Då får både dei og eg sjå korleis det fungerer, og vi kan ta ei vurdering etter sesongen, seier Nielsen.