Kristin Balland vart Over All Winner og best i sin klasse uansett alder.
Kristin Balland vart Over All Winner og best i sin klasse uansett alder.

Dansa seg til topps

Fleire osingar gjorde det skarpt i helgas kretsmeisterskap i freestyle og slow på Bønes.

Fem jenter frå Os deltok i helgas kretsmeisterskap i i freestyle og slow i Bønes fleirbrukshall. Thea Straus Håvik og tvillingane Iris Vangdal Aamaas og Enja Vangdal Aamaas stilte i klassen rekrutt under 11.

– Her er alle vinnarar og dei gjorde ein kjempeinnsats, fortel mamma Henriette Straus Håvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Linea Økland Larsen slo til med andreplass i slow og tredjeplass i freestyle i klassen «Litt øvd 12-14 år».

Kristin Balland vann i både freestyle og slow i klassen «Meister 12-14 år». Ho vart også «Over all winner» i begge greinene. Noko som betyr at ho var best i sin klasse uansett alder.

På toppen av det heile vann Linea og Kristin dobbel saman i klassen «Meister 12-14 år».

Stolte og glade jenter.
Stolte og glade jenter.
Fem flotte jenter frå Os med flett nye dansepokalar.
Fem flotte jenter frå Os med flett nye dansepokalar.

Alle jentene dansar for Diamond Dance Academy i Fana IL med Julie Lundekvam som trenar og sportsleg leiar.

anne-marie@osogfusa.no