Sigurd Monssen under trening på Frotveit gård. I morgon debuterer han for det norske tentpegging-landslaget.
Sigurd Monssen under trening på Frotveit gård. I morgon debuterer han for det norske tentpegging-landslaget.

Debuterer for landslaget i tentpegging

I morgon er det klart for landskamp i tentpegging på Frotveit gård. Søftelendingen Sigurd Monssen er ein av fire på det norske laget.

Veit du ikkje kva tentpegging er, så er du kanskje ikkje åleine. I Noreg er sporten rimeleg ny, men på verdsbasis er denne hestesporten stor.

- Tentpegging er eigentleg ei gamal krigs-øving frå Asia. I kamp brukte ryttarar å ri inn i leirar og hempa opp teltpluggar med lansar. I dag nyttar me ein plast-lanse som me nyttar til å hempa av plast-peggar, som er banka ned i jorda, fortel Sigurd Monssen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høg fart

Han har stor forståing for at ikkje alle har høyrt om sporten. Sjølv vart han presentert for tentpegging så seint som for eitt år sidan.

- Eg har drive med hestar heile livet, men dette var nytt for meg også, ler Monssen.

Men då han vart presentert for opplegget og kom med i Norway Tent Pegging Federation (NTPF) vart han fort biten av basillen.

Sigurd Monssen håpar osingane kjem og ser på landskampen i morgon.
Sigurd Monssen håpar osingane kjem og ser på landskampen i morgon.
Eit lite knippe av medlemene av NTPF (Norway Tent Pegging Federation).
Eit lite knippe av medlemene av NTPF (Norway Tent Pegging Federation).

- Det er ein utruleg artig og actionfylt sport. Me rir inn over ei lang slette i full galopp. Deretter handlar det om full konsentrasjon for å få opp peggane. Når ein rir i samløp med andre vert det harde tak, fortel 53-åringen.

Stort opplegg

Til konkurransen i morgon er tre andre landslag invitert, Russland, Tyskland og USA.

- Det vert både individuell konkurranse og lagkamp. Spesielt lagkampen er eg spent på. Eg håpar ikkje at det er eg som gjer feil og påfører laget vårt tap, seier Monsen.

Bortimot 70 menneske er venta til arrangementet. Flesteparten skal losjerast på Frotveit gård og i området rundt.

- Ettersom det er ein rimeleg ny sport i Noreg, får me også vitjing av ein del idrettspolitiske folk. Dessutan har eg invitert ordførar Terje Søviknes, fortel Monssen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han håpar også at andre osingar finn vegen.

- Det blir garantert god underhaldning. Dei som tek ein laurdagsutflukt til Frotveit i morgon vil garantert ikkje angra, lovar Monssen.