Cardoso blir skildra som ein rask forsvarsspelar, som er god ein mot ein.
Cardoso blir skildra som ein rask forsvarsspelar, som er god ein mot ein.

Debuterer mot Lyngbø i kveld

Os har signert ein låneavtale med Øysteses Divaldo Cardoso. Forsvarsspelaren, som har vore ein publikumsfavoritt i Øystese, skal spela frå start i kveld.

- Divaldo blei klar i formiddag og går rett inn i startoppstillinga, seier Endre Brenne i Os Fotball og held fram:

- Han trente med oss på måndag. Eg har sett han spela fleire gonger tidlegare, og han har eit godt rykte på seg i lokalfotballen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva er han god på?

- Han er rask, og god ein mot ein. I tillegg kjem han frå eit land der dei har lært korleis ein skal behandla ballen, seier Brenne og smiler.

- Ein bra fotballspelar!

Mogleg å forlenga avtalen

Portugisaren har signert ein avtale som strekkjer seg til 01.01.2017.

- Vi har dialog på at om han trivst og det fungerer for oss, så kan vi kanskje forlenga avtala. Dette vil vi vurdera etter kvart, seier Brenne.

Til kampen mot Lyngbø i kveld er Torkel Hjertnes og Erik Kanestrøm uaktuelle. Hassan El Fakiri er også utilgjengeleg for spel.

- Rafael Villén har slitt litt den siste tida, så han kjem til å starta på benken. Eg er klar igjen etter å ha vore skada ein god stund. Eg skal starta kampen. Det er kjempekjekt å vera tilbake, seier Brenne.

Kampen mot Lyngbø i kveld er Os´ siste før ferien.