Andreas Tysse og Linn Kristin Vevatne gler seg til å konkurrera i solskinet. Solbrillene er sjølvsagt på plass.
Andreas Tysse og Linn Kristin Vevatne gler seg til å konkurrera i solskinet. Solbrillene er sjølvsagt på plass. Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes

Det viktigaste for Andreas (10) er å ha det gøy. Linn Kristin (10) håpar ho kjem til mål.

Andreas Tysse og Linn Kristin Vevatne UM-debuterer i same båt.

Meir enn 150 roarar set kvarandre stemne på Ulvenvatnet denne laurdagen. Os roklubb stiller med 15 utøvarar.

To av dei, Linn Kristin og Anreas, ror saman i Junior D, 2x. Det vil seia at dei ror med to årer kvar.

– Er de nervøse?

– Ja, litt, seier Andreas.

Linn Kristin ristar på hovudet.

Johannes Kristian Klyve Forsbø og makker Lars Eirik Vevatne synest roing er langt kjekkare enn fotball.
Johannes Kristian Klyve Forsbø og makker Lars Eirik Vevatne synest roing er langt kjekkare enn fotball. Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes
Andrea Bastiansen Kvittingen (t.v.) og Linea Rådmannsøy Lunde slo til med bronse.  Dei har vore avgjerande for at stadig fleire jenter blir med i roklubben.
Andrea Bastiansen Kvittingen (t.v.) og Linea Rådmannsøy Lunde slo til med bronse. Dei har vore avgjerande for at stadig fleire jenter blir med i roklubben. Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes
Linea og Andrea rett før finalestart.
Linea og Andrea rett før finalestart. Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes
Ulvenvatnet viste seg frå si vakraste siden denne septemberlaurdagen.
Ulvenvatnet viste seg frå si vakraste siden denne septemberlaurdagen. Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes
Rosjefen sjølv, Eirik Vevatne, er høgt og lågt og midt i mellom denne dagen.
Rosjefen sjølv, Eirik Vevatne, er høgt og lågt og midt i mellom denne dagen. Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes
Trude Vevatne køyrer fylgjebåt og heiar vilt på alle roarar i mørkegrøn Os-trikot.
Trude Vevatne køyrer fylgjebåt og heiar vilt på alle roarar i mørkegrøn Os-trikot. Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes

– Kvifor er det nettopp de to som ror ilag?

– Eg ror eigentleg saman med ein annan, men så kunne ikkje han vera med likevel, seier Linn Kristin.

– Så då steppa eg inn, smiler Andreas.

Såg OL på TV

10-åringen frå Storestraumen kjende ingen då han byrja i Os roklubb i fjor.

– Men eg hadde sett roing i OL på fjernsyn, og fekk skikkeleg lyst til å prøva. Så då hjelpte mamma meg med å finna nærmaste klubb.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tok dei godt imot deg?

– Det hugsar eg ikkje, ler han.

Linn Kristin på side, er nærmast fødd inn i klubben. Familien Vevatne har drive med roing i generasjonar, i alle fall kjennest det slik.

– Ja, i min familie ror alle, så då ville eg også, seier ho.

10-åringane kunne ikkje tenkt seg å driva med nokon annan idrett enn roing.

– Det er så gøy å vera her saman med alle i klubben.

– Kjenner de dykk nokon gong utanfor i klassen sidan så mange driv med fotball og handball?

– Ja, det er ingen som gidd å høyra på meg når eg fortel om sporten min, sukkar Linn Kristin.

– Bortsett frå eit par av lærarane på skulen som sjølve har halde på med roing (Steinar Haugland og Sissel Lothe Høvik på Lunde skule, journ.mrk.)

– Kva er målet dykkar når de skal konkurrera i dag?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hm...Å ha det gøy, ler Andreas.

– Eg håpar vi kjem til mål, seier Linn Kristin.

– Ja, det håpar sjølvsagt eg også, svarer Andreas.

Ikkje hata kvarandre

Storebror Lars Eirik Vevatne (16) har fått med seg Johannes Kristian Klyve Forsbø (16) i Junior B 2-. Det vil seia at dei ror med kvar si åre.

Medan Lars Eirik satsar svært seriøst og har eit mål om å koma på landslaget, vedgår Johannes at han ikkje tek det så nøye.

– Det er berre tredje gongen i år eg er på vatnet og ror. Fyrste gongen var på mandag, ler han.

– Er du, Lars Eirik, litt skuffa over at han ikkje tek det meir alvorleg?

– Nei, ikkje i det heile. Det er uansett kjekt å ro og trena ilag, smiler han.

Dei tenkjer seg litt om når vi spør kva som må til for å ro best mogleg ilag.

– Ein må vera uthaldande og ha god teknikk. Elles risikerer du å bruka masse krefter på å ro feil, seier Lars Eirik.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og så bør ein gjerne ikkje hata kvarandre, smiler Johannes.

Pionerane

Medan det tidlegare var nesten berre gutar i roklubben, har jenteandeleg gått kraftig opp dei siste åra.

To av pionerane, som også har dratt med seg mange andre jenter, er Linea Rådmannsøy Lunde og Andrea Bastiansen Kvittingen.

Denne dagen slår dei til med bronsemedalje i Junior B 2X.

– Det er kjempegøy å konkurrera, slår jentene fast.

– Vi kjem nok til å halda på med roing ei god stund framover, ja.

Os & Fusaposten kjem med fleire resultat på mandag.

anne-marie@osogfusa.no