Digga eitt-touch-treninga med Enric
A-lagsspelarane på Lysekloster koste seg under leiing av Enric Taberner Palmer måndag kveld.
Tradisjonen tru kjem European Elite Fotball til Lysekloster siste veka i sommarferien. Hovudgrunnen er for å halda den populære fotballskulen for elevar frå 9 til 15 år, men også A-lagsspelarane i klubben bruker å få nokre tips og råd på vegen.
- Det er kjekt å få inn nye impulsar ein gong i blant. Kvart år me har hatt den spanske fotballskulen her har me late hovudtrenar frå fotballskulen køyra ein trening med A-laget. I går hadde Enric Taberner Palmer ei god økt med dei. Spelarane likte det godt, fortel A-lagsstrenar i Lysekloster, Ørjan Sandal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kjapp omstilling
På treninga fokuserte Palmer som vanleg på kjapp og hurtig kortpasningsfotball.
- Dei flest øvingane handlar om å spela så kjapt som mogleg på eit- eller toppen to touch. Her gjer han spelarane medvitne på korleis ein får dette til å gå fortast mogleg. Mellom anna ved å slå på medspelaranes beste fot, og ved at mottakar av ballen alltid har fokus på å motta ballen medan kroppen hans er best mogleg vinkla for mottak og vidarelevering, fortel Sandal.
Frå heile bergensområdet
Den spansk fotballskulen for 9-15-åringar starta tysdag og varer til og med laurdag. I år er 53 spelarar melde på. Ein tredel er frå arrangøren Lysekloster, medan resten kjem frå heile bergensområdet.
- Me har sjølvsagt ein del frå dei andre Os-klubbane, men me har også deltakarar frå Gneist, Søreide, Fyllingsdalen, Nymark, Fana og mange andre klubbar, fortel Sandal.
Fotballskulen vert leidd av nemnde Enric Taberner Palmer. Med seg har han tre andre høgt skulerte fotballtrenarar.