Dobbelt seriemeisterskap til Nore Neset jenter 13
Med førstelagets siger over Fana 3 og andrelagets siger over Trott er Nore Neset jenter 13 seriemeistrar i 1. og 2. divisjon.
Gjengen på 13-årslaget til Nore Neset starta å spela i lag i fjor haust. Sidan har den eine suksessen følgd den andre. I fjor haust vann dei Lagunen Fotballfestival. I vinter var det siger i Fana IL sin vinterturnering og MX-cup på Nore Neset. Sidan følgde jentene opp med sin kanskje største prestasjon, nemleg å vinna Sør Cup i Kristiansand, før dei no kronar ein fantastisk sesong med seriemeisterskap i både 1. og 2. divisjon.
Andrelaget først
Begge laga spelte sin siste seriekamp denne veka. Først ut var andrelaget.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dei avslutta på solid vis, nett som dei har prestert i heile sesongen. Dei vann 3-1 heime over Trott. Dermed kunne dei jubla over seriemeisterskap i 2.divisjon, fortel ein av jenter 13-lagets fire trenarar, Morten Døsen.
Torsdag kveld var det førstelaget sin tur. Mot botnlaget Fana 3 hadde dei ingen problem med å sikra seg sin åttande siger for hausten. I regnvêret på Nore Neset idrettsplass gav ikkje dei fotrappe blåtrøyene gav seg før det stod 11-0. Dermed var også sigeren i 1. divisjon eit faktum.
- Me har vore det klart beste laget denne hausten. På målskilnaden er me 10-20 mål betre enn dei nest beste laga, sa den glade førstelagetsgjengen.
Etter storsigeren feira dei med sine svorne fans - foreldre, vener og familie som hadde teke turen i regnvêret.
- Dei har vore stabilt gode i heile haust. Åtte sigrar og ein uavgjort er veldig bra. Elles må me skryta av forsvarsspelet. Både første- og andrelaget har betra dette markant denne hausten og sleppt inn langt færre mål enn dei gjorde i vår, skryter trenar Døsen.
Fanatstisk gjeng
Førstelaget rykkja opp til 1. divisjon etter vårsesongen. I den øvste divisjonen har dei slått gode lag som Gneist, Mathopen, Stord 1 og Bønes. Og enkelte gonger har dei rett og slett feid motstandaren av banen, som dei gjorde då dei slo Kvernbit 20-1 heime i slutten av august.
- Me kan ikkje anna enn å seia oss svært nøgde med det. Ikkje berre har jentene vore gode. Dei har også utvikla seg heile vegen, seier Morten Døsen.
I lag med Kenneth Moland, Eirik Kvittingen og Sverre Johan Fløysand har han hatt ansvaret for gjengen sidan laget vart slått saman av tidlegare Lysekloster- Søre Neset- og Nore Neset-spelarar i fjor haust.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er blitt ein fantastisk samansveisa gjeng. Om dei spelar på første- eller andrelaget, spelar ingen rolle. Dei er ein gjeng og dei støttar kvarandre både på trening og i kamp, skryter Døsen.
Klar for KM-kamp
Med kvar sitt seriemeisterskap er dei to laga no også klare for sluttspel. Andrelaget spelar semifinale om KM-siger i 2. divisjon mot Arna-Bjørnar laurdag 5. november. Går dei sigrande av banen der vert det finalen laurdag 12. november.
Ettersom det berre er to avdelingar i 1. divisjon går førstelaget til Nore Neset rett til finalen her. Slaget om KM-tittelen går søndag 13. november. Motstandar er Åsane.