Daniel Bergheim, Tony Andreas Nybrot, Hanne Nybrot, Daniel Sundvor. Tor Odin Milde og Espen Vik. Framme ligg Adrian Mol.
Daniel Bergheim, Tony Andreas Nybrot, Hanne Nybrot, Daniel Sundvor. Tor Odin Milde og Espen Vik. Framme ligg Adrian Mol.

Dobla talet medlemer på eit halvt år

Volleyballmiljøet i Strandvik blømer som aldri før. Sidan i vår er talet medlemer i klubben dobla.

- Det var vel 30 som hadde betalt lisens då det nye styret blei valt i vår. No er me bikka 60, fortel Lena Åsmul - ein av tre styremedlemer.

Det er med andre ord ikkje noko å seia på rekrutteringa i Strandvik. Det kan verka som at born også i dei andre bygdene for alvor har fått opp augo for volleyball.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Tidlegare var det kanskje to eller tre born utanbygds frå. No kjem dei frå Eikelandsosen, Vinnes og Fusa. Det har i det heile kome veldig mange nye, både frå Strandvik og andre delar av kommunen, seier Åsmul.

Ho synest også det er veldig kjekt at Standvik endeleg kan stilla lag for G U-17.

- Det er ei stund sidan me har hatt det. Rekrutteringa er god også på gute-sida, seier ho.

Nora Gjernes Riise, Mira Hannisdal Nilsen, Hanna Karina Vinnes, Terian Kaelo og Melina Mol.
Nora Gjernes Riise, Mira Hannisdal Nilsen, Hanna Karina Vinnes, Terian Kaelo og Melina Mol.
Mange ballar i lufta og ivrige jenter under treninga for U-15- og U-17-jenter i gymsalen i Strandvik.
Mange ballar i lufta og ivrige jenter under treninga for U-15- og U-17-jenter i gymsalen i Strandvik.

Vann alle kampane i helga

Det er ein del år sidan Merita og Kåre Mol gjorde volleyball til Strandviks store idrettsgrein. Dei flytta bort for nokre år sidan, men no er dei tilbake.

- Det gjer noko med heile miljøet. Det er stas for alle som held på med volleyball at dei er tilbake, og har gått inn på trenarsida, seier Åsmul.

Men den viktigaste grunnen til Strandviks enorme rekrutteringstal, er nok prestasjonane som dei unge volleyballentusiastane leverer på banen. I helga som var det serierunde for G U-13, J U-13 og J U-19. Alle laga vann alle kampane sine.

- Eit stort pluss med volleyball, er at det ikkje er kamper kvar veke, slik som det er med fotball og handball. Det er to rundar før jul og to rundar etter, der me spelar mange kampar på kort tid. Sjølv om det er få kampdagar, blir det 20-30 kampar kvar sesong, seier Åsmul.

Manglar hall og trenarar

I skrivande stund er dei ni lag i sving, men klubben satsar på at dei over jul har heile elleve lag. Det er ikkje verst, særskilt med tanke på at dei ikkje ein gong har sin eigen heimebane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me trenar på Framo Aktiv og i gymsalen i Strandvik. Det er lågt under taket, og ikkje godkjente baner, men me har ikkje noko anna. Me gler oss frykteleg til me får ein stor hall, smiler Åsmul og legg til:

- Me skulle også gjerne hatt litt fleire trenarar. Om nokon er interesserte er det berre til å ta kontakt.