Erik Tysse er tatt ut i Noregs OL-tropp. (Arkiv
Erik Tysse er tatt ut i Noregs OL-tropp. (Arkiv

Drog før han blei tatt ut

Søndag kom meldinga om at Erik Tysse var tatt ut til OL. Kappgjengaren reist til USA på høgdetrening alt førre veke i tilfelle han skulle koma med i troppen.

- Vi blei einige i førre uke at om han vart teken ut, anten no eller i siste uttak 17. juli, så måtte han stilla til OL best mogleg førebudd. Vi snakka med forbundet, og Erik gjennomførte alt som må gjerast med Olympiatoppen, før han reiste av garde, seier Tysses trenar, Stephan Plätzer.

Har kravet inne

Tysse har ikkje kome under det særnorske OL-kravet på ein time og 22 minuttar på 20 kilometer kappgang i år. Nærast kom han København i starten av mai med tida 1.22,12.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grunna tidsforskjell ligg Tysse og søv no, og «Os og Fusaposten» har ikkje lukkast å nå han. Plätzer fortel at uttaket kom overraskande på dei begge.

- Vi veit at han har kravet inne. I mai og juni blei det mykje stress, og han knytte seg, men vi veit han har kravet inne. Han fekk ikkje ut potensialet i løpa. Treninga viste heilt andre resultat enn det han klarte å prestera i konkurranse, seier Plätzer.

Russarane er utestengd

Tysses trenar meiner at det faktum at Russland er utestengd frå OL som nasjon, gjer at vegen til meisterskapen blei kortare for søftelendingen.

- Tre russarar plar stilla til start, og kappgang er ein russisk-dominert sport. Eg trur at olympiatoppen ser at Tysse har ein god sjanse til å koma blant dei tolv beste på ein god dag, særleg utan russarar på startstreken.

Glad og letta

- Korleis reagerte Tysse på uttaket?

- OL er det største ein kan vera med på for ein kvar utøvar. Eg snakka med han på Skype i går, og han er glad og letta. Dette har han drømt om i seks år, mens dopingsaka har pågått. Det er heilt fantastisk for han at han kom med.

Frisk og rask

Helsa har plaga Tysse dei siste månadane, men skadeplagene ser ut til å ha sleppt taket no.

- Eg trur at psyken spelte inn etter kvart, og at det er grunnen til skadeplagene. No er han frisk, og skulle det vera noko, så er han i dei beste hender i USA, seier Plätzer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag reiser trenaren til USA for å slutta seg til Tysse. Der blir dei til 18. juli. I slutten av juli skal Tysse vera med i NM på Askøy. Neste stopp etter det, er OL og karrierepunktum for ein lang kappgang-karriere.

- OL blir Eriks siste konkurranse som kappgjengar. Det blir nok spesielt, og OL er som sagt det største for ein kvar utøvar. Ein betre konkurrase for karrierepunktum får ein ikkje, seier Plätzer.