Kapinga Brazy har ein fortid i Brann, og sist sesong spelte han for Fyllingsdalen. Kommande sesong, er han Lyseklosterspelar.
Kapinga Brazy har ein fortid i Brann, og sist sesong spelte han for Fyllingsdalen. Kommande sesong, er han Lyseklosterspelar.

- Eg kan lova deg at det kjem til å smella

Lyseklosters nyaste tilskot Kapinga Brazy (19) lovar at det kjem til å lukta svidd på Lysekloster Framo Idrettspark neste sesong.

Brazy signerte i går kontrakt med Lysekloster. Midtstopparen har ein fortid i Brann bak seg, før han sist sesong spelte for Fyllingsdalen. Det var eit mislukka opphald for sotraværingen, som berre fekk fem kampar for klubben.

- Det var ein sesong kor eg trøbla med skader og sjukdom. Eg klarte ikkje å koma meg inn i laget når eg var frisk, seier Brazy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjenner godt trenaren

Midtstopparen legg ikkje skjul på at Lyseklosters nye trenar, Ruben Hetlevik, var ein stor del av grunnen til at han valte å signera for klubben.

- Vi kjem får den same øya. Eg hospiterte ein del med Nest-Sotra før eg starta i Brann. Då spelte Ruben på A-laget. Eg meiner at han var kaptein då. Vi blei kjent og har sidan halde kontakten. Eg vil seia at han er ein viktig grunn til at eg signerte. Han kjenner meg godt, og veit kva eg er god på, og kva eg må jobba med, seier Brazy og legg til:

- I tillegg liker eg satsinga til Lysekloster, og måten dei tenkjer på. Eg trur at klubben vil passa meg fint.

Skal spela med dei beste på sikt

Lysekloster blir eit mellomsteg for Brazy, som har store ambisjonar.

- Eg skal på sikt spela med dei beste, uten tvil. Eg er kanskje tøff som seier det, men eg er ikkje redd for å seia det. Ein må våga å seia at ein skal opp og fram i verda. Eg fekk ikkje spela så mykje i fjor, og eg må spela fotball for å utvikla meg. Lysekloster kan hjelpa meg. Difor valte eg dei.

- Kva er dine styrker som fotballspelar?

- Eg er sterk i duellar. Både langs bakken og i lufta. Eg har også ein god pasningsfot og bra fart, noko som er viktig for ein midtstoppar.

- Det kjem til å smella i Lysefjorden neste år, altså?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg kan lova deg at det kjem til å smella, seier Brazy og smiler.