Dagens osing: Etter å ha putta tre mål i debuten, blei Daniel Kvalvågnes kåra til dagens osing.

— Ein betre start enn dette, er ikkje mogleg å få

Daniel Kvalvågnes (25) har store sko å fylla på topp for Os. Etter draumedebuten var han nesten mest oppteken av å snakka ned forventningane til seg sjølv.

— Eg kan ikkje levera slik kvar kamp, seier han.

Os starta roleg i sommarvarmen på Kuventræ søndag, men hadde likevel overtaket på Oppsal. Det var spelt rett over 20 minutt då Thomas Spilde kom på eit fint løp på høgresida. Inne framfor mål luska Kvalvågnes og han fekk ein tå på ballen. 1-0 til heimelaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kristian Halvorsen viste fram frisparkfoten sin etter vel 40 minutt, og auka til 2-0 for heimelaget då han skrudde ballen over muren og til høgre for Oppsal-keeper Sebastian Jakobsen Lihaug.

Rett før pause var debutant Kvalvågnes på farta igjen. Henrik Tysse Sperrevik gjorde forarbeidet på høgresida, og spissen som blei signert frå Åkra for halvanna veke sidan, sprang inn sitt andre for dagen.

Dagens høgdepunkt

Ti minutt etter kvilen skulle hat-tricket koma. Denne gongen gjorde spissen jobben sjølv då han la ballen til rette for ved 16-meteren og sette ballen nede til venstre for keeper.

Dagens høgdepunkt kom etter vel 63 minutt spelt. Os spelte klikk-klakk. Frå Halvorsen til Sebastian Tysse Plätzer, som fann Sperrevik. Han la ballen att til Halvorsen som frå kring 16 meter sette ballen kontant til venstre for keeper Lihaug.

Marius Østgulen Hevrøy fekk også sin debut søndag. Han kom inn og fekk dei siste 20 minutta etter at han leverte ein svært solid kamp mot Voss for Os 2, der han skåra to mål.

Dagens høgdepunkt: 5-0-skåringa kom etter klikk-klakk-spel, som Kristian Halvorsen runda av ved å senda ballen i mål til venstre for keeper.

Vegard Strønen Skeie var også tilbake i gult. Han spelte frå start, men gjekk av etter vel ein time spelt.

— Eg fekk krampe i begge beina, seier han og smiler.

— Eg er ikkje så rask som eg ein gong var

Etter kampen fortel Kvalvågnes at han har fått med seg at det har blitt skrive ein del om at Os har mista storskårar Roger Ekeland. Han kjenner ikkje Ekeland personleg, men han har spelt mot han, og er klar over tala han har levert for Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Tenkte du mykje på det før debuten, at du har store sko å fylla?

— Eg har tenkt litt på det, men ikkje så veldig mykje. Eg var mest spent på korleis det skulle bli i første kamp for ny klubb, seier han og legg til:

— Det er berre halvanna veke sidan eg kom til Os. Det er ikkje mange treningar eg har hatt med laget, og det er annleis å spela kamp. Etter kvart som eg blir betre kjent med lagkameratane, vil vi nok få ei endå betre forståing for kvarandre.

— Korleis er du som spiss?

— Eg er nok ikkje så rask som eg ein gong var, men eg er ein god avsluttar og eg forsøkjer å posisjonera meg godt. Dei to første måla er som du seier berre å trilla over streken. Det er resultat av godt lagspel i forkant, seier Kvalvågnes.

Svært nøgd: Os-trenar Endre Brenne var svært nøgd med korleis laget stod fram i den første kampen etter sommarferien.

Måtte jobba for å halda laget oppe

Os-trenar Endre Brenne var sjølvsagt godt nøgd etter at kampen. Han meiner starten på kampen var seig, men det han såg frå 15 minutt spelt, og fram til kampuret bikka 70, var han svært godt nøgd med.

— Det er ein suveren start på hausten. Det kan ikkje bli mykje betre enn dette, seier han.

— Du jobba litt for å halda laget oppe mot slutten. Det er gjerne ikkje så lett når ein leiar 5-0?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Nei, og så er det svært varmt i dag også. Vi mista konsentrasjonen litt dei siste 20 minutta. Vi spelte dei gode i staden for å jaga 6-0. Kampen var jo i realiteten over, og det kan bli slik når ein leiar med så mange mål.

Elles var det kjekt å sjå tre spelarar debutera. Skeie er ein mann dei fleste kjenner frå før av, men det er ei stund sidan han har spelt for Os. Kvalvågnes er heilt ny, og Hevrøy kjem frå eigne rekkjer.

— Ein betre start enn dette, er ikkje mogleg å få for Daniel. Han har smelta godt inn i gjengen alt. Marius er ein ny, lokal unggut som får speletid med A-laget. Det gjer han etter å ha levert sterkt for Os 2 fredag, med to mål der, seier Brenne.

Os ligg med på tredjeplass seks poeng bak Lyn som toppar tabellen. Lyn har éin kamp mindre spelt.