annonse

Eitt dramatisk minutt prega kampen i Lysefjorden

Fekk direkte raudt
Fekk direkte raudt: Mustapha Forana fekk direkte raudt kort for å ha skubba/slått Thorvald Trætteberg i ansiktet. (Alle (Foto: Benjamin Søgnen Olsen)
Jubla for mål
Jubla for mål: Simen Næss gav heimelaget 2-1, medan dei feira oppfatta de situasjonen med Fofana og Trætteberg. (Foto: )
Forstod lite
Forstod lite: Fofana var rasande då han fekk raudt kort. (Foto: )
Gestikulerte
Gestikulerte: Trætteberg viste kva han meinte til Fofana då sistnemnde fekk marsjordre. (Foto: )
Iskald
Iskald: Even Vetås var iskald då han utlikna for heimelaget. (Foto: )
Ikkje mål
Ikkje mål: Først blei det dømd mål til Lysekloster, men 3-1-skåringa blei annullert. (Foto: )

Lysekloster blei aldri skikkeleg trua av Strømsgodset 2, men det blei meir spanande enn det såg ut til då bortelaget blei redusert til ti mann etter 29 minutt.

Benjamin Søgnen Olsen

Simen Næss jubla for skåring etter 29 minutt. Medan han feira med lagkameratane, gjekk dommaren bort til Godset 2-spelar, Mustapha Fofana, og viser han det raude kortet. Det forstod han lite av, og det oppstod ein oppheita krangel med fleire involverte. I forkant av målet blei Thorvald Trætteberg takla av Fofana, og dommaren viste fordel, og angrepet enda nokre sekund seinare i mål for Lysekloster. Dommaren fekk med seg noko som skjedde etter at Trætteberg blei takla.

– Han fekk raudt kort fordi han skubba/slo Lysekloster-spelaren i ansiktet, seier dommar Lars Grønås Drange til Os & Fusaposten på veg inn i garderoben i pausen.

Tre mål i førsteomgang

Før denne episoden hadde publikum fått to mål på Lysekloster Framo Idrettspark. Heimelaget var det førande laget, men bortelaget tok leiinga etter 14 minutt ved Riel Chol Nguen. Lysekloster blei kontra på, og bortelaget fann store rom på si høgre side. Nguen fekk stå åleine framfor mål og hadde få problem med å setja inn 1–0 til bortelaget. Det var heimelaget som hadde føringa i kampen, så det var nok surt å få den mot seg. Eskild Båsen var nære på få minutt seinare, men keeper redda. Returen fall til same mann, men avslutninga gjekk til sida for stolpen. Utlikninga kom ved Even Vetås etter framspel frå Simen Næss. Vetås var iskald i avslutninga.

Ein time med ein mann meir

Berre to minutt seinare oppstod dramatikken, og kaptein Nikolai Harris fann Joachim Westrheim som fekk eit sleivtreff. Det gjorde ikkje noko for ballen gjekk rett til Næss som styrte inn 2-1, samstundes som Fofana blei sendt av banen. Heimelaget hadde fleire gode sjansar før kvilen, men det stod 2–1 til pause.

Etter kvilen trudde nok mange at heimelaget skulle gå rett ut og punktere kampen. Det var også planen, ifølgje kaptein Harris, men slik blei det ikkje.

– Vi skaper ein del etter kvart, men vi blir for utolmodige. For kåte på å koma oss til målsjansar, i staden for å spela dei ut. Det blei for lågt tempo frå oss, seier Harris og legg til:

– Dei hadde ikkje med seg A-lagsspelarar og vi spelte ein time med ein mann meir. Vi skulle ut og punktere kampen, men det gjekk ikkje slik i dag.

Herleg å vera tilbake

Samstundes legg Harris til at det likevel er godt gjort å ikkje sleppa bortelaget til sjansar.

– Dei skapte ingenting.

Sjølv om bortelaget ikkje kom nære på å utlikna, blei det nervøs stemning mot slutten.

– Det blei tre poeng i dag. Det er det viktigaste, seier kapteinen, som fekk sine første 90 minutt på lang tid.

– Eg har vore ute i ein månad. Eg spelte 70 minutt mot Vard sist. Det var godt å få ein heil kamp no. Herleg å vera tilbake, seier Harris.

Lysekloster skapte det som var av sjansar, og etter ein noko treg start, produserte dei fleire sjansar til å auka leiinga. Innbytar Martin Pedersen hadde eit par store sjansar, og stoppar Damian Garbacik hadde ein ball i mål som etter litt om og men blei annullert for offside på stoppar-kollega Denis Ljubovic.

Neste kamp for Lysekloster er alt førstkomande søndag heime mot Bergen Nord.

SPELARBØRS KJEM I KVELD.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut