Skifte: Elias Heggland Myrlid har skåra mange mål for Brann 2. No blir hann å finna i blå drakt.

Klar for ny klubb

Elias Myrlids dagar på Stadion i Bergen er talte for denne gong.

Om lag eitt år etter at 21-åringen vart teken inn i A-stallen til Brann, er Elias Myrlid si tid i Brann-trøya over for denne gong.

Osingen har skrive kontrakt med 2. divisjonsklubben Hødd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elias Myrlid (21) reiste onsdag sist veke til Ulsteinvik for å gjennomføra medisinsk test og skriva under på avtalen, skriv brann.no.

– Det er kjedeleg å forlata ein så stor og herleg klubb som Brann, men det er på tide for meg å prøva noko nytt no. Det er ei fantastisk spelargruppe, støtteapparat og supporterar som eg vil sakna, seier Myrlid til brann.no.

Sportsleg leiar i Brann, Per-Ove Ludvigsen, meiner skiftet er positivt for Myrlid.

– Det vil vera bra for Elias si utvikling å få spela seg inn på eit førstelag med ambisjonar. I Brann ville det vore ein lang veg for han fram til fast spel på A-laget. Difor er det fint for han å få prøva noko nytt. Vi ønskjer Elias masse lykke til vidare, kommenterer Ludvigsen.