Jan Borgen var i storslag då han ladde startpistolen og gjorde seg klar for sitt første friidrettstemne på Kuventræ sidan førre århundre.
Jan Borgen var i storslag då han ladde startpistolen og gjorde seg klar for sitt første friidrettstemne på Kuventræ sidan førre århundre.

Etterlengta friidrettstemne på Kuventræ

Ikkje sidan opningsstemne i fjor sommar har Os Turn arrangert friidrettsstemne på heimebane. Laurag var 70 deltakarar i full vigør.

Ekstra spesielt var det for friidrettstrenar Jan Borgen. Os Turn-veteranen låg hjarteopperert då sentralidrettsanlegget vart opna og første stemne gjekk av stabelen i august i fjor.

- Det er klart det er spesielt å få vera med her i dag. Eg har ikkje vore med å arrangert friidrettstemne her sidan slutten av 1990-talet, sa ein super opplagt Borgen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med seg i arrangørstaben hadde han kring 30 frivillige.

- Med 70 deltakarar må me vera mange. Men me er heldige. Vêret er med oss og det blir ein fantasisk dag, meinte Borgen.

Hauststorm i solskin

Etter planen skulle Os Turn eigentleg ha arrangert stemne i vår, men grunna telehiv (humpar i tartandekket som følge av tele) vart arrangementet avslyst.

- Me har sjølvsagt vore uheldig med eit par ting ved dette anlegget. Hellinga i halvmånane gjer at me ikkje kan arranger høgdehopp, og vinterstid vert det humpar på langsidene. Men som eg skreiv i eit leserinnlegg i Os og Fusaposten nyleg: anlegget er ikkje eit katastrofeanlegg. Det er uendeleg mykje som er bra, så får me håpa at dei tinga som ikkje fungerer, etter kvart vert ordna opp i, seier leiar i friidrettsgruppa til Os Turn, Sverre Mowinckel-Nilsen.

Han og speaker Bjørn Michelsen var noko pessimistisk då dei namngav seriestemne for denne helga.

- Me har kalla det hauststormen. Me snakkar jo seint oktober, men sjå her. Me kan jo selja is, humra Michelsen.

Ny høgdeplass

Totalt vart det arrangert konkurranse i 12 øvingar laurdag. Einaste som ikkje fekk vera i aksjon var høgdehopparane.

- Det er planlagt å byggja ein ny plass for høgdetevling borte i hjørnet i nordenden av området. Os kommune er veldig imøtekomne og hjelpsame. Me er godt nøgd med at dei støttar opp og gjev oss gode fasilitetar, seier Mowinckel-Nilsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Sjå berre på alt utstyret me brukar i dag. Os kommune har betalt alt. Berre om me skulle kjøpt hekkane ville me vore ruinert, seier Jan Borgen.

Motiverte utøvarar

Grunna ein noko frostig morgon vart starten på Kuventræ utsett med ein time. Men etter at Michelsen hadde helst alle velkomne gjekk det slag i slag.

70 utøvarar i aldaren 6 til 20 år kasta seg ut i øvingar av mange slag.

Det var kule, kast med liten ball, lengde, 40 m, 60 m, 600 m, 800 m og fleire varisjonar av hekkeløp.

Som stolt overdommar stod Jan Borgen og nytte det heile.

- Dette er noko anna enn då me hadde konkurransar her i sist århundre. Verkeleg ein stor dag, konstaterte friidrettstrenaren.