Søre Neset volleyball får ikkje trena i Oshallen, der dei har trent sidan hallen var ny.
Søre Neset volleyball får ikkje trena i Oshallen, der dei har trent sidan hallen var ny.

Får ikkje lenger trena i Oshallen

Geir Lepsøe reagerer på at volleyballaga til Søre Neset ikkje får trena i Oshallen. - Det er favorisering og forskjellsbehandling, seier han.

- Oshallen er ein idrettshall, ikkje ein handballhall. Det er nesten berre handballaga til Os, og turngruppa som får treningstidar der, seier Lepsøy, som er leiar for volleyballgruppa i Søre Neset Idrettslaget.

Han viser fram eit skjema som viser treningstidane i Oshallen. Det er dekka med Os Turn, bort sett frå ein time på onsdag, då Lysekloster handball har trening.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ikkje Os Turn sin hall. Det er kommunen sin, og han er for alle idrettslaga i kommunen, seier Lepsøy.

Mistenkjer at Os vert prioritert

I fjor søkte Søre Neset om trening i Oshallen, der dei har pleidd å trena, men fekk det ikkje. Dette klaga dei på, men klagen vart avslått. I år har dei nok ein gong bede om tid i Oshallen, men i år som i fjor, har dei fått treningstid på Nore Neset.

- Eg forstår ikkje kvifor me hamnar på Nore Neset. Me har ikkje søkt om det. Eg synest ikkje dette er rett. Eg mistenkjer at idrettsrådet prioriterer Os Turn kosta kva det kosta vil, seier Lepsøe.

Kultursjef Lisbeth Axelsen fortel at hall-kapasiteten i kommunen er heilt sprengt.
Kultursjef Lisbeth Axelsen fortel at hall-kapasiteten i kommunen er heilt sprengt.

- Grunnen til at me vil trena på Os er at me har spelarar frå ulike stader. Då er det meir naturleg å samlast i Oshallen. Slik det er no, må me også henta alt av utstyr i Oshallen og flytta det til Nore Neset, fordi me ikkje får ha utstyret liggjande i hallen. Det er òg dyrare å trena på Nore Neset, seier Lepsøe.

Føler seg oversett

Kvart år samlast Os Idrettsråd for å diskutera, og leggja planar for treningstidar i hallar og gymsalar i kommunen det komande året. Dei lager ei innstilling, som kultureininga i gjer ein vurdering av.

- Me ser på søknader og tidlegare tildelingar opp mot prets tildelingar, til dømes. Idrettsrådet sit med kunnskapen. Dei er meir kompetente på dette området enn me er, så me støttar oss i stor grad til dei, seier kultursjef Lisbeth Axelsen.

Lepsøe reagerer også på at Søre Nesets medlemmer i Idrettsrådet ikkje har blitt involverte i treningstid-prosessen.

- Verken Arthur Botnevik i fjor, eller Morten Erikssen i år, fekk vera med i gruppa i idrettsrådet som bestemmer treningstidane, seier Lepsøe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Falske påstander

Bjørn Samdal blei valt som ny leiar i idrettsrådet i sommar. Årsmøte for idrettsrådet gjekk av stabelen i vår, og den nye leiaren var ikkje med på prosessen med treninigstidane. Men han fortel at det ikkje er slik som Lepsøy meiner, at nokon vert ekskludert.

- Alle medlemmene får ein innkalling til møte, med tilhøyrande agenda. Det er ikkje alle som har høve til å stilla, men det er ingen som vert ekskluderte, seier han.

Han fortel vidare at det er utarbeidd ein fordelingsnøkkel, som idrettsrådet brukar for å ha ein raud tråd i tildelinga.

- Det har ikkje noko med klubbnamn å gjera, men handball er den største hallidretten i Os. Det gjer at dei får flest treningstimar i Oshallen. Me ønskjer at flest mogleg lag får høve til å trena i hall, så me nyttar Oshallen og Nore Neset-hallen det me kan, seier Samdal.

Omfordeling sit langt inne

"Nye lag" vil ha vanskeleg med å kunna "stela" plass frå eit lag som har vore der i til dømes 20 år.

- Me må ha ein viss kontinuitet. Utan samanlikning for øvrig, så vil det seia at me ikkje vil skyva eit lag ut av hallen som har trena der i lang, lang tid, til fordel for eit relativt nystarta lag.

Kontinuitet?

Lepsøe synest det er rart at kontinuitet blir nemnd, og at det vert feil å skyva ut lag som har vore trent i hallen lenge, til fordel for eit nyare lag.

- Me har trent i Oshallen heilt sidan hallen var ny. I fjor mista me plassen vår til Os Basket. Det er stikk i strid med den nøkkelen dei seier at dei jobbar etter, seier Lepsøe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Beklager for lang svartid

Som kultursjef, er det Axelsen som får klagene frå missnøgde idrettslag på pulten. For nokre månader sidan klagde Søre Neset for andre året på rad. Axelsen seier at ho har jobba med å finna ei løysing til Søre Neset den siste tida, men det har ikkje vore heilt enkelt.

- Me gler oss til dei nye hallane kjem på Kuventræ. Kapasiteten på dei me har i dag er så til dei gradar sprengt. Eg må berre få beklaga at det gjekk så lang tid før dei fekk tilbakemelding, seier Axelsen.

Nytt avslag

Svaret fekk Søre Neset fredag. Os kommune v/Kultursjef tar ikkje klagen til følgje.

- Eg er alt starta på eit brev til klagenemda i Os kommune, seier Lepsøe.

Grunnen til at Søre Neset ikkje får treningstid er pga av medlemer og idrettsgrena det er snakk om.

- "Det er i dag ikkje nok kapasitet i idrettshallane til at alle som ynskjer får plass. Ingen lag er i utgangaspunktet ekskludert frå å bruka Oshallen, men med den store aktiviteten vi har i Os må ein prioritera ut ifrå talet medlemmar og idrettsgren", skriv kultursjefen.

Mister damelaget

I avslaget skriv ho også at kultureininga har vore i kontakt med Nore Neset aktivitetshus, og dei bekrefter at det er mogeleg å oppbevara utstyr i hallen med noko tilrettelegging, og at dei har nett til volleyball. Det er ei veldig smal trøyst for Søre Neset.

- Me får mindre plass, og kortare treningstid i Nore Neset-hallen. Det gjer at me berre kan trena eit lag i stadenfor to. Eg kjem til å klaga til noko vert gjort, seier Lepsøe og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Et resultat av tildelinga frå Os Idrettsråd er at Søre Neset Volleyball mister damelaget. Dei vurderer å finna eit Os namn for å bli vurdert annleis. Slik burde det ikkje vera, seier Lepsøe.