Den nye kunstgrasbanen i Eikelandsfjorden vert offisielt opna på laurdag. Banens mål er på 100 x 64 m, og tilhøyrande til den nye banen er eit topp moderne lys-anlegg.
Den nye kunstgrasbanen i Eikelandsfjorden vert offisielt opna på laurdag. Banens mål er på 100 x 64 m, og tilhøyrande til den nye banen er eit topp moderne lys-anlegg.

Festdag i Fjord'n

Laurdag er det offisiell opning for den nye kunstgrasbanen i Eikelandsfjorden. Like etter vert det A-lagskamp.

- Dette blir ein merkedag for Eikelandsfjorden IL og for heile Fusa kommune. Det er ei enorm rekruttering innanfor fotballen, og me treng stadig meir banekapasitet. Denne banen skal heile kommunen få nyta godt av, seier leiar i Eikelandsfjorden IL, Richard Markhus.

Den nye banen stod ferdig til bruk for eit par veker sidan. Banen er 100 meter lang og 64 meter brei. Dermed kan fusingane frå no av arrangera seniorkampar på eige kunstgras opp til og med 2. divisjonsnivå for herrar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Musikk og kamp

Leiaren i laget vil sjølsvagt seia nokre ord for dagen. Sjølve opninga er det ordførar Hans S. Vindenes som tek seg av.

- Det blir litt festivias. Eikelandsfjorden Musikklag spelar opp, så seier Vindenes og eg nokre ord. Sjølv kjem eg i alle høve til å takka alle sponsorane våre. Utan dei hadde ikkje dette blitt noko ut av, seier Markhus.

Over 20 sponsorar har vore med på spleiselaget.

- Nokon meir enn andre, men me er veldig glade for at så mange har vore med og bidrege. Det gjer sitt til at mange får eigarforhold til banen, seier leiaren.

Etter opninga tek A-laget til Fjord'n imot Bergkrystall til seriekamp på den flunkande nye banen.

Før oppgjeret ligg 6. divisjonslaget til fusingane på fjerdeplass på tabellen, fem poeng bak serieleiar Øystese 2. Gjestene har 20 poeng og ligg på femteplass.