Hedda Singelstad Kåsa vart samanlagtvinnar og vann i tillegg pris for beste skyttar gjennom Gla'laks-cup-sesongen.
Hedda Singelstad Kåsa vart samanlagtvinnar og vann i tillegg pris for beste skyttar gjennom Gla'laks-cup-sesongen.

Flotte resultat i avslutningsrennet på Bygdastølen

HIL arrangerte palmelaurdag det siste rennet i Gla’lakscupen. Heile 110 utøvarar var i sving, og dei lokale skiskyttarane leverte strålande resultat.

Tidlegare i vinter har skiskyttarar i kretsen vore på renn i Myrkdalen, på Voss, i Kvam, i Vik i Sogn og i Odda. I år var det Hålandsdalen Idrettslag som fekk æra av å arrangera finalerennet.

Bygdastølen kunne by på fint vèr og gode forhold. Det var sprint som stod på programmet, og utøvarane melde om fine forhold på standplass og god glid i dei flotte løypene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heile 22 nybegynnarar gjekk flotte løp og i rekrutt-klassane vart det siger til fem HIL-utøvarar: Ingri Skjelbreid Gjelland, Kristoffer Haugse Rød, Guro Femsteinevik, Hedda Singelstad Kåsa og Eirik Hjartnes.

Desse HIL-juniorane/seniorane stod også øverst på pallen laurdag: Otto Femsteinevik, Katarina Aarseth, Håvard Heie Bjørndal, Håvard Hjartnes, Ragnhild Femsteinevik og Martin Femsteinevik.

Etter rennet var det tid for å gjera ekstra stas på samanlagtvinnarane denne sesongen. Desse fekk pengepremie og flotte skiskyttargensarar frå Dale of Norway.

Fire av samanlagtvinnarane var lokale - Guro Femsteinevik og Kristoffer Haugse Rød i 14-årsklassen (dei to lengst til høgre i bakerste rekke) og Eirik Hjartnes og Hedda Singelstad Kåsa i 16-årsklassen (dei to lengst til venstre i nederste rekke).

Her er alle som fekk premie for å ha gått fem renn eller meir i Gla'laks-cupen denne sesongen.
Her er alle som fekk premie for å ha gått fem renn eller meir i Gla'laks-cupen denne sesongen.
Ei av skiskytterjentene susar rett forbi strafferunden, etter fullt hus på skytebanen.
Ei av skiskytterjentene susar rett forbi strafferunden, etter fullt hus på skytebanen.
Fem blinkar rett ned på denne jenta.
Fem blinkar rett ned på denne jenta.

Fire av samanlagtvinnarane er frå Hålandsdalen Idrettslag: Guro Femsteinevik og Kristoffer Haugse Rød i 14-årsklassen og Eirik Hjartnes og Hedda Singelstad Kåsa i 16-årsklassen.

Hedda vann i tillegg pris for beste skyttar gjennom Gla’laks-cup-sesongen.

jostein@osogfusa.no