Første gull i boks

Laurdag ettermiddag vann Sverre Lunde Pedersen NM-gull på 5.000 m i Fosenhallen.

Tradisjonen tru startar skeisarane sesongen med NM i enkeltdistansar. I år gjekk meisterskapen av stabelen i Fosenhallen i Trøndelag.

Ein noko tungtrena Sverre Lunde Pedersen starta dagen med å bli nummer tre på 1.000 meter, før han vann 5.000 meteren og sette ny banerord på låglandsbanen i Fosen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- 1.000-meteren var sånn passe. Det er litt sjokk for kroppen å trøkka slik til når ein eigentleg er midt i ein hard oppkøyringsperiode. Men det var hyggjeleg at det vart tredobbelt Fana IL, seier Sverre.

Håvard Lorentzen Holmefjord vann løpet med tida 1,12,31, Sindre Henriksen vart nummer to med 1,12,51 og Sverre altså nummer tre med 1,12,92.

Mykje å gå på

På 5.000 m gjekk Sverre i mål til tida 6,37,93. Det er 20 sekund bak tida han presterte i Inzell for litt sidan, men likevel kjapt nok til å notera seg for ny banerekord i Fosenhallen, tre sekund raskare enn Håvard Bøkkos bestenotering frå 2007-sesongen.

- Det går ikkje så fort i Fosenhallen, og det er mange grunnar til det. For det første er det ein såkalla låglandsbane. For det andre er ikkje halle varma opp. Det tyder at det berre er kring 3-4 gradar der inne, og då vert det mykje luftmotstand, forklarar Sverre.

Sjølv om han altså kan gje noko av skulda for den noko moderate tida på tilhøva, er Sverre fullt klar over at han har mykje å gå på.

- Det er sikkert og visst, og slik skal det også vera. No har eg litt under ein månad på meg med hardtrening fram til V-cup-starten i Kina 12. november. Det er då det starar for alvor, understrekjer osingen.