Anders Mol og Christian Sørum greidde å forsvara EM-gullet frå Nederland i fjor. Denne gongen vann sandvolleyballduoen 2–0 i EM-finalen mot russiske Konstantin Semenov og Ilja Lesjukov.
Anders Mol og Christian Sørum greidde å forsvara EM-gullet frå Nederland i fjor. Denne gongen vann sandvolleyballduoen 2–0 i EM-finalen mot russiske Konstantin Semenov og Ilja Lesjukov. Foto: Egil Blomsø

Forsvarte EM-gullet

Anders Mol og Christian Sørum vann EM-finalen i sandvolleyball i Moskva søndag.

Sandvolleyballduoen møtte russarane Konstantin Semenov og Ilja Lesjukov på heimebane, men Mol og Sørum viste ingen nåde. Første sett vart vunne enkelt 21-12. Andre sett var jamnare, men også i dette settet, greidde nordmennene til slutt å dra i frå. Dermed vart EM-gullet sikra med 21-18-siger i andre sett.

 – Vi er superhappy over å forsvara tittelen, sa Christian Sørum i det offisielle TV-intervjuet etter kampen.