Hassan El Fakiri fortel at Rafael Villen, Erik Kanestrøm og Tiago Ribeiro er uaktuelle til kampen mot Randaberg i morgon. (Arkiv
Hassan El Fakiri fortel at Rafael Villen, Erik Kanestrøm og Tiago Ribeiro er uaktuelle til kampen mot Randaberg i morgon. (Arkiv

Forventar ein tøff bortekamp

Laurdag reiser Os nok ein gong til Stavanger. Motstandar er Randaberg, og Os-trenar Hassan El Fakiri trur det vert ein jamn kamp.

- Eg synest i grunn Stavanger-laga er ganske like. Det er tøffe bortekampar, og som regel jamt. Fleire av kampane har blitt krigekampar, med mykje fysikk og duellar. Det forventar eg laurdag òg, seier El Fakiri.

Tek ikkje lett på nokon

Uansett korleis mostandarane opptrer, vil Os fokusera mest på sitt spel. Då Os møtte Randaberg på heimebane i vår, var det eit Randaberg-lag som berre hadde eitt poeng på dei første sju kampane som stod på motsett banehalvleik. På tribuna vart det snakka om at dette var ein kamp dei gule og svarte måtte klara å vinna, men det blei til slutt eit 4-2-tap. El Fakiri hugsar kampen, men på spørsmål om dei tok for lett på oppgåva den gongen, svarar han eit klart nei.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har ikkje teke lett på nokre oppgåver i den situasjonen me har vore i denne sesongen. Eg trur framleis ikkje me er sikra ny kontrakt i 3. divisjon. Me må ha eit par sigrar til.

Tek ingen sjansar med Tiago

No er fokuset å avslutta sesongen på best mogleg vis. Sjølv om dei skulle enda opp med å vinna alle sine resterande kampar, trur ikkje El Fakiri det er håp om å rykka opp.

- I teorien er det mogleg, men eg trur ikkje verken Stord eller Haugesund 2 tapar tre kampar til, seier han.

Til møte med Randaberg laurdag er Rafael Villen ute med ein skade i skuldera, og Erik Kanestrøm har problem med lysken. Tiago Ribeiro er tilbake i trening etter sin skade, men han kjem ikkje til å spela laurdag.

- Me tek ingen sjansar med Tiago til denne kampen, seier El Fakiri.

Før runden laurdag, ligg Os åtte poeng over Vard Haugesund 2 som er under streken, og har ni poeng opp til Stord som toppar tabellen.

Kampen mot Randaberg startar kl. 15.00.