Fredag deltok 10 ungdomar frå Join Us i nattcupen, som er ei fotballturnering i regi av KFUK-KFUM Bjørgvin for tensing-, konfimant- og sportsgrupper i Bjørgvin krets.
Fredag deltok 10 ungdomar frå Join Us i nattcupen, som er ei fotballturnering i regi av KFUK-KFUM Bjørgvin for tensing-, konfimant- og sportsgrupper i Bjørgvin krets.

Fotball til langt på natt

Jentene og gutane i Join Us Ten Sing kan meir enn å syngja. Det viste dei tydeleg i helgas nattcup i fotball.

Fredag deltok 10 ungdomar frå Join Us i nattcupen, som er ei fotballturnering i regi av KFUK-KFUM Bjørgvin, for tensing-, konfimant- og sportsgrupper i Bjørgvin krets. Rundt 550 deltakarar var med på arrangementet som dei siste 15 åra har gått av stabelen i Haukelandshallen.

I tillegg til fotball, er der aktivitetar som bordtennis, sumobryting, disco, quiz, heiagjeng-konkurranse, nattkino og morgontrim (!).

Artikkelen held fram under annonsen.

- Allereie i den første kampen viste gutane og jentene i Join Us at dei kan langt meir enn å berre syngja. Motstandarane var store og sterke menn, men jammen fekk dei berre eitt mål. Kay Even gjorde ein kjempeinnsats i mål, og utespelarane viste seg som veldig gode driblarar, smiler Inger-Johanne Haugland som er frivillighetskoordinator i Os kyrkjelyd.

I siste kampen vart «15+-laget» til Join Us likevel slått og det med berre 20 sekund igjen, men alle tok det med godt humør. Etter ein kjapp luftepause fôr laget av stad på nattkino.

- Deltakarane frå Join Us Ten Sing heldt saman som gruppe heil til slutt, og det var berre var ei stor glede å få vera med som vaksenleiar, skryter Haugland.

Rundt 550 deltakarar var med på arrangementet som dei siste 15 åra har gått av stabelen i Haukelandshallen.
Rundt 550 deltakarar var med på arrangementet som dei siste 15 åra har gått av stabelen i Haukelandshallen.