Os Fotball og elevar frå Kuventræ skule skal samla inn pengar til Syria-flyktningar laurdag. Det er fri inngang på Os-kampen, men seks elevar frå Kuventræ skule vil gå rundt med bøsser for å samla inn pengar til det gode føremålet. F.v. Egil Hodneland i Os Fotball og rektor ved Kuventræ skule, Olav Røttingen.
Os Fotball og elevar frå Kuventræ skule skal samla inn pengar til Syria-flyktningar laurdag. Det er fri inngang på Os-kampen, men seks elevar frå Kuventræ skule vil gå rundt med bøsser for å samla inn pengar til det gode føremålet. F.v. Egil Hodneland i Os Fotball og rektor ved Kuventræ skule, Olav Røttingen.

Fri entré på Os-kampen: Os Fotball vil heller samla inn pengar til Syria-flyktningane

Os Fotball skal saman med elevar frå Kuventræ skule samla inn pengar til Syria flyktningar laurdag.

- Friidrettsstemnet går av stabelen før kampen laurdag. Det gjer at det er vanskeleg å ta inngangspengar på kampen, då me ikkje veit om tilskodarane er der for friidrett, fotball eller begge delar, seier Hodneland.

Han, og resten av styret i Os Fotball, fann ut at dei kunne nytta høve til å gjera ei god gjerning, og hjelpa flyktningar i naud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ville ha skulen med på laget

Hodneland kontakta rektor ved Kuventræ skule, Olav Røttingen, for å høyra om dei ville vera med på eit samarbeid, ved å stilla nokre elevar til disposisjon som bøsseberarar.

- Me kunne fint ha brukt medlemer i klubben, men me hadde lyst til å ha skulen med oss, seier Hodneland.

- Kjekt å få vera med å bidra

Rektor ved Kuventræ skule, Olav Røttingen, er glad for at dei får delta.

- Elevane nyttar det flotte idrettsanlegget på Kuventræ flittig. Det er kjekt å kunne hjelpa klubben, og ikkje minst bidra til å hjelpa flyktningane, seier Røttingen.

Seks av dei eldste elevane i mellomtrinnet skal gå med bøsser på Kuventræ frå starten av friidrettsstemne, til Os-kampen er ferdig.

Sjølv om det er gratis å koma inn, håpar Hodneland at publikum og supporterar tar med litt kontantar.

- Me håpar på stor gjevarglede på tribuna laurdag, seier han,

Stor gjevarglede i bygda

Med det er det endå fleire osingar som tek initiativ til å hjelpa dei som treng det aller mest. Om gårsdagens sak om Ingunn Kjosaas og Tove Tvedt Skarstein, som kjøpte ullklede på Janus for over 15.000 kroner med pengar dei har samla inn på berre tre dagar, gjekk deg hus forbi, så kan du lesaher.