Ungdomane i friidrettsgruppa til Os Turn trenar mykje innandørs, men er glad dei snart skal få koma ut og konkurrera og trena på større flatar.
Ungdomane i friidrettsgruppa til Os Turn trenar mykje innandørs, men er glad dei snart skal få koma ut og konkurrera og trena på større flatar.

Friidrettsgjengen legg grunnlaget i gymsalen

Medan frosten rår på Kuventræ legg friidrettsjuniorane til Os treningsgrunnlaget i gymsalen på Os barneskule.

– Det er viktig å gjera ein god innetreningsjobb med styrke, teknikk og kondisjonstrening om ein vil ha gode resultat når utandørssesongen tek til, seier Malin Dale.

Sprintaren og lengde-hopparen er blant dei første osingane som skal i konkurranse denne våren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til helga er det nemleg klart for UM i Steinkjer. I lag med resten Michelle Askvik Gassmann, Sofie O. Hausberg og Maria Haustein er Malin klar for å prøva å betra sine personlege rekordar i jenter 17-klassen.

– Eg skal konkurrera i lengde og 60 meter. Målet er å ta ny personleg rekord.

– Og no føler du å ha god nok motor til at prestasjonane blir betre enn tidlegare?

– Eg håpar det, smiler Malin.

Medaljehåp

Då Os og Fusaposten var innom treninga måndag kveld, var Malin den einaste av UM-deltakarane på plass. Trenar Jan Borgen seier dette om dei tre andre:

– Alle er gode utøvarar som kan gjera det bra i Steinkjer. MIchelle Gassmann skal springa 400 m og 800 m. Sofie Hausberg deltek i lengde og tre-steg, medan Maria Haustein skal springa 800 meter. Alle, inkludert Malin, har gode føresetnader for å setja personlege rekordar.

– Ha nokon av jentene sjanse på medalje?

– Ja, på ein god dag så kan Sofie ta medalje i lengde eller tre-steg. Men då må alt klaffa, poengterer Borgen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du skal sjølv vera med jentene på tur?

– Ja, eg ofrar meg den helga der. Eigentleg skulle eg vore med på veteran-NM, men er ein trenar, så er ein trenar, humrar Borgen.

Allsidig styrketrening

Dei må nytta fantasien for å få trena best mogleg medan vinteren regjerer utanfor. I gymsalen på Os barneskule er det trongt om plassen. Då gjeld det å vera kreativ.

– Eg brukar å setja dei i gang med oppvarming i gangane nede. Så gjeld det å få opp dampen skikkeleg, til fellestreninga startar her i åtte-tida, seier trenar Borgen.

Når vêret tillet det, varmar gjengen opp med jogging ute.

– Kva type øvingar kan de gjera her innandørs?

– Det handlar mykje om styrketrening, teknikk og kondisjonstrening. Som regel nyttar me desse måndagsøktene til sirkeltrening, der ungdomane får køyrt seg godt på alle måtar, seier Borgen.

Uansett kva type øving dei jobbar med, blir det sjeldan det same å trena inne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg driv for det meste med kastøvingar. Det er det vanskeleg å trena på inne, smiler Tea O. Hausberg.

Sprintar Håkon Herrevold får i alle høve terpa på spenst.

– Eg må jo ha litt grunnlag for å få fart på kroppen når me kjem ut. Men for all del. Me gler oss til utesesongen er i gang for alvor. Det er jo det å trena og konkurrera utandørs som er mest morosamt, seier ungguten.

Han har 12 blank på 100 meter som pers og har klare planar om å knusa den rekorden så fort som mogleg.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no