Kommunen føreset at det nye anlegget vert stilt til disposisjon for elevar i skuletida. (Arkivfoto)
Kommunen føreset at det nye anlegget vert stilt til disposisjon for elevar i skuletida. (Arkivfoto)

Fylkesmannen sa ja til kunstgras-garanti

Os kommune vedtok i juni å gje Søre Neset idrettslag garanti for lån til bygging av ny kunstgrasbane på Halhjem. Fylkesmannen har no godkjend vedtaket.

- Garantien gjeld for hovudstolen, maksimalt kr 3.525.000 med tillegg av 10 % av til ei kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av eventuelle påløpte renter og omkostingar, heiter det i vedtaket.

Kommunen sitt maksimale garantiansvar kan ikkje overstiga kr. 3.878.000. Garantien fell vekk etter 20 år med tillegg av inntil to år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os kommune har godkjend at delar av lånet som skal betalast tilbake med spelemidlar og refundert moms frå staten, vert avdragsfritt i inntil fem år. Av vedtaket følgjer også at Os kommune tek pant i klubbhuset som idrettslaget eig og at kommunen føreset at anlegget vert stilt til disposisjon for elevane i skuletida.