Arne Veim Haugland imponerte dagleg leiar i AdO Arena og mange andre då han klinte til med sitt rekordlange dødsing-stup laurdag.
Arne Veim Haugland imponerte dagleg leiar i AdO Arena og mange andre då han klinte til med sitt rekordlange dødsing-stup laurdag.

- Gærne-Arne er heilt rå

AdO-sjefen Håkon André Egeberg Johansen er imponert over sambygding Arne Veim Hauglands fryktlause dødsing.

- Me har folk her nede som står på hendene før dei stuper ut frå 10-meteren. Grasiøse stuparar med stilreine luftsvev. Men "Gærne-Arne" er noko for seg sjølv. Dei dødsing-sveva hans er sjukt råe. I helga heldt han til og med på å stupa ut av bassenget, fortel tidlegare leiar i Osbadet, no dagleg leiar i AdO Arena, Håkon André Ekeberg Johansen.

Stupte på skrå

Det var i samband med studentleikane Bergen Challenge og AdO Arenas to-årsjubileum at Arne Veim Haugland fekk vist råskapen sin i Bergens største symjearena. Framfor 200 tilskodarar var osingen utilnærmeleg i dødsingkonkurransen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Arne var i ein klasse for seg. Han vann fullt fortent etter å ha stupt kring 20 meter ut frå 10-meteren, fortel Ado-sjefen.

Hovudpersonen sjølv kjente sjølv at han tok litt vel mykje i.

- For å få litt svev valde eg å stupa på skrå, men undervegs i svevet tok eg meg i å lura på om eg hadde teke for mykje fart. Eg syntest kanten var faretrugande nær, ler Arne.

I sommar imponerte Arne ved å stupa frå piggen på Statsraad Lehmkuhl.
I sommar imponerte Arne ved å stupa frå piggen på Statsraad Lehmkuhl.

- Neida, eg hadde vel bra kontroll, men eg tok ikkje i alt eg hadde. Til det er bassenget for kort, sjølv om eg stupte på skrå, humrar Veim Haugland.

VM i lengdestup

Etter Arnes stup høyrde Ekeberg Johansen folk prata om kor vidt ein burde starta ein ny sport, nemleg lengde-stup.

- Det høyrdes artig ut, men eg trur ikkje eg ville hatt ein slik konkurranse her. Eg vil ikkje at nokon skal klina for mykje til og risikera å treffa kanten. Bassenget er faktisk større enn Osbadet, men likevel når ein langt når ein dreg til alt ein kan frå 10-meteren, seier AdO-sjefen.

Dei har sjølv lagt dødsing-videoen til Arne på sine eigne heimesider. Responsen har vore enorm.

- Den har teke heilt av. Over 50.000 har sett klippet. Det ganske imponerande, konstaterer Ekeberg Johansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klar for ny sesong

Arne er glad for å kunna trena i AdO Arena, og konkurrerer der når han rekk det og har tid.

- Det er kjekt at me har ein arena her i Bergen også, men dei største konkurransane går andre stader i landet. Dødsing har teke litt av dei siste åra. Til sommaren har eg planar om å få med meg konkurransar i Lillesand, Fredrikstad, Oslo og Sogndal. I tillegg vert det kanskje ein tur til Sverige for å delta i den svenske meisterskapen, seier Arne.

Sjå stupet her