Strandvik gutar 15 skal gjera sitt ytste for å nå langt i NM-sluttspelet i Tromsø denne helga.
Strandvik gutar 15 skal gjera sitt ytste for å nå langt i NM-sluttspelet i Tromsø denne helga.

Går for medalje

I fjor vart dei nummer seks. I år har Strandvik sitt gutar 15-lag mål om å ta medalje i NM i volleyball.

Denne helga er lagets ni spelarar på plass i Tromsø for å delta i NM-sluttspelet i volleyball. Meisterskapen startar med puljespel i dag, så vert det finalespel frå laurdag av.

- Me er på plass i Tromsø idrettshall og godt førebudde på å gjera ein god innsats. Alle spelarane verkar å vera veldig gira på nå langt i sluttspelet, fortel trenar Merita Mol.

Artikkelen held fram under annonsen.

Realistisk med sluttspel

Det ho har sett av kampar så langt skremjer ikkje trenaren nemneverdig.

- Dersom me vinn puljepslet vårt går me rett til kvartfinalen Eg trur me skal ha brukbare sjansar til å klara det, seier Mol.

Ho har to jenter med på laget. Dei klarar seg kjempebra.

- Me hadde ikkje nok gutespelar og fylte difor på med to jenter. Dei har vore med oss tidlegare i år. Det fungerer heilt topp. Samhaldet i laget er kjempebra, skryt Mol.

Lagar liv

Utanom dei ni Strandvik-spelarane er 11 med i heiagjengen.

- Dei skal nok gje oss godt med støtte. Dei har med kubjellar og bannere. Så me skal nok både få sjå og høyra frå dei, seier Mol.