Tertnes kom på 4. plass i Eliteserien i fjor. Tysdag spela laget NM-kamp mot Os sitt damelag.
Tertnes kom på 4. plass i Eliteserien i fjor. Tysdag spela laget NM-kamp mot Os sitt damelag.

Gav alt, men motstanden vart for stor

Os tok i mot eitt av Noregs beste handballag i Oshallen i kveld. Det vart som venta ei tøff oppgåve. Men osingane viste at dei kan bita frå seg dei også.

Os møtte Tertnes Elite, laget som kom på 4. plass i Eliteserien i fjor, i den andre runden i NM i kveld. Men sjølv om motstanden var formidabel, og sluttsiffera vart heile 15–53, kjempa Os-damene til siste sekund.

– Vi skårer 15 mål. Det synest eg er brukbart, men vi skulle helst ha sleppt inn litt færre, seier trenar Gitte Torp når kampen er over.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samstundes er det ifølgje trenaren ei håplaus oppgåve for målvaktene. Os vart nemleg rusha i senk.

– Vi vert straffa for alle små feil vi gjer i angrep. Eg trur 40 av måla til Tertnes kom på kåntringar, seier ho.

Os søkte å leggja om angrepsspelet, men med mange utvisningar i andre omgang, vart det tøft.

Det er klart for kampstart i Oshallen. Os sitt damelag mot Tertnes Elite.

Ein liten pep-talk innimellom må til.
Ein liten pep-talk innimellom må til.
Denne gjengen sytte for at stemninga i hallen var på topp.
Denne gjengen sytte for at stemninga i hallen var på topp.
Denne gjengen sytte for at stemninga i hallen var på topp.
Denne gjengen sytte for at stemninga i hallen var på topp.
Tore Kleppe får med seg resten av publikum på heiaropene.
Tore Kleppe får med seg resten av publikum på heiaropene.
Keeparane til Os fekk ei tøff oppgåve i Oshallen i kveld.
Keeparane til Os fekk ei tøff oppgåve i Oshallen i kveld.
Line Hjelle Berentsen var blant Os-spelarane som utmerka seg med fleire flotte skåringar.
Line Hjelle Berentsen var blant Os-spelarane som utmerka seg med fleire flotte skåringar.
I andre omgang vart det vel mange utvisningar på heimelaget. Det gjorde at motstandarane klarte å setja inn endå fleire mål.
I andre omgang vart det vel mange utvisningar på heimelaget. Det gjorde at motstandarane klarte å setja inn endå fleire mål.
Då kampen var over, song Os-damene bursdagssongen for trenar Gitte Torp.
Då kampen var over, song Os-damene bursdagssongen for trenar Gitte Torp.

– Tertnes skal slå oss med mange mål, men det er kjekt at dei kjem til Os, og at det er mange folk i hallen for å se på, meiner trenaren.

– Os er dei aller, aller beste

For med 302 tilskodarar på tribunen var stemninga god. Tore Kleppe og heiagjengen hans sytte dessutan for at lydnivået vart stadig høgare.

– Os er dei aller, aller beste, ropte dei og fekk resten av publikummet med seg.

Aller mest jubel var det sjølvsagt då Os-damene, med Line Hjelle Berentsen i spisse, sette inn sine 15 mål.

– Unge og talentfulle

16. september spelar handballdamene til Os sin første kamp for sesongen, på bortebane mot Åsane. Den første heimekampen går av stabelen 23. september. Då skal osingane prøva å hamla opp med Opsal 2.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vert spennande. Vi stiller med tidenes yngste lag, seier Torp.

Blant debutantane som òg var på banen i kveld, er Julianne Stene, Jeanette Hjartåker Haugland og Nora Marie Johnsen. Ann-Kristin Lyssand er dessutan attende som målvakt.

– At vi har mange unge spelarar treng ikkje vera negativt. Vi har mykje nytt vi skal spela inn, og det vert godt å koma i gang og sjå korleis vi ligg an, seier Torp som for øvrig hadde bursdag i kveld.

Ho legg til:

– Vi har mange talentfulle, unge jenter på laget vårt. Eg trur vi skal klara oss greitt.

camilla.kvamme@osogfusa.no