I veka som var kunne Martin Femsteinevik jubla for siger på mix-stafetten i Otepää i Estland. (Privat foto)
I veka som var kunne Martin Femsteinevik jubla for siger på mix-stafetten i Otepää i Estland. (Privat foto)

Gjekk inn til siger på mix-stafetten

Like over nyttår tok han andreplass i Martello. Onsdag gjekk Martin Femsteinevik Noregs lag inn til siger i mix-stafetten i Otepää.

Hålandsdal-utøvaren har med andre ord markert seg godt i IBU-cupen denne sesongen. Onsdag var Femsteinevik og hans kvinnelege makker suverene.

Martin gjekk i lag med Thekla Brun Lie. Totalt brukte dei to 11 ekstraskot, men var likevel heile 24,8 sekund framfor lag nummer to, som vart Sverige.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var utruleg morosamt å lukkast så bra i mixen her i Otepää. Det er noko spesielt å vinna i sin første internasjonale stafett noko sinne, seier Martin.

- Dette var vel også din første siger i IBU-cupen også?

- Jaudå, det er sant. Det var ein god dag, absolutt, slår Hatlestrand-guten fast.

V-cup-toget truleg gått

23-åringen var godt nøgd med farten i sporet på mix-stafetten, men på torsdagens sprint gjekk det noko tråare.

- Eg skaut 10 treff, men i sporet mangla eg det siste giret. Resultatet vart ein heilt grei 15. plass, oppsummerer Martin.

- Korleis ser du no på sjansen for å få delta i V-cupen i Holmenkollen til helga?

- Nei, det ser vanskeleg ut. Sjølv om eg har gjort det bra i det siste, så verkar det som det er eit par løparar framfor meg i køen. Me får rett nok lov til å ha med åtte løparar, men slik det ser ut no, fell eg likevel utanfor gruppa av dei som får gå.

- Så då må V-Cupen-debuten venta til neste år?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Mest sannsynleg.

Ny formtopp

Det neste naturlege målet for Martin blir dermed NM i Mo i Rana.

- Det startar 22. mars og varer til 26. Med andre ord er det framleis nokre veker igjen. Håpet er at eg klarer å byggja ein ny, liten formtopp til meisterskapen, seier Martin.

- Så du er ikkje heilt i form nett no?

- Nei, eg merkar at kapasiteten ikkje er 100 prosent. Det hadde vore kjekt å koma seg opp på sitt beste nivå før konkurransane i Mo i Rana startar, slår han fast.

På programmet står sprint, jaktstart, fellesstart og stafett.