God første dag av Sverre - no kan det bli VM-gull

Sverre Lunde Pedersen er med i gullkampen etter fyrste dag i allround-VM.

Lunde Pedersen er nummer to etter to distansar.

Lunde Pedersen starta meisterskapen med ein god 500-meter og enda til slutt på 5. plass på distansen, over sekundet foran ein mann som Sven Kramer.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Differansen til Kramer var større enn eg hadde trudd, men det er tre løp igjen, sa ein nøgd Pedersen til Viasat etter det første løpet.

Seinare laurdag var det tid for 5.000 meter. Her vart osingen nummer to, med berre Patrick Roest foran seg.

Nordmannen leverte ikkje eit optimalt løp, men tok leiinga i mål med 6.19,40.

- Eg tenkte det ikkje ville vera godt nok til å slå Roest. Han knuste den tida. Det var litt for dårleg, rett og slett. Eg kjenner at eg ikkje er heilt der eg ønskjer å vera, sa ein ærleg Pedersen til Viasat.

– Sverre Lunde Pedersen gjennomførte eit godt løp, men det går saktare enn vi hadde trudd, kommenterte TV 3s Mikael Flygind Larsen.

Etter Pedersen kom Roest, og han gjekk i mål over fem sekund raskare enn osingen.

Lunde Pedersen er likevel med i gullkampen etter dag éin av allround-VM, med 1.07 sekund opp til Roest.

Søndag ventar 1500-meter og 10.000-meter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Håvard Lorentzen er ferdig med VM på heimebane og vart nummer fem i sprint-VM.

- Eg hadde eitt løp som var stang ut, det var 500 meter i dag. Der tapte eg nok eit kvart sekund. Eg følte eg fekk ut mykje av det eg er god for på 1000 meter. Det er tøft å gå så mange løp på kort tid, sa Lorentzen til Viasat etter endt meisterskap,og la til at det var vanvittig gøy å gå i Vikingskipet.