Fabian Bødtker har skåra i treningskampar tidlegare. Her mot Bjarg. I går netta han mot Varegg.
Fabian Bødtker har skåra i treningskampar tidlegare. Her mot Bjarg. I går netta han mot Varegg.

God generalprøve før cup-kvaliken

Os A-lag gjorde ein bra generalprøve då dei spelte uavgjort 2-2 mot Varegg onsdag kveld.

– Eg er nøgd med innsatsen, det at me styrer spelet og at me kjem til mange sjansar. Det eg ikkje er nøgd med er at me slepp inn billige mål og at me ikkje skårar på fleire av dei gode sjansane me skaper, seier Os-trenar Karl Kvile.

Varegg kom til Kuventræ med fjorårets A-lags-assistent Ørjan Håland som trenar. Håland & co forsynte seg først av målfatet. Veteran Thomas Ulvestad Vacas skåra eit fint mål.

Artikkelen held fram under annonsen.

0-1 stod seg til like før pause. Då sytte Os-forsvarar Alexander Dale for balanse i rekneskapen.

Styrte det meste

Etter kvilen var det igjen Varegg som tok leiinga. Nok ein gong var det den gamle ringreven Ulvestad Vacas som ordna mål for Varegg.

– Det målet var høgst unødvendig av oss å sleppa inn. Det var ei misforståing mellom keeper og forsvaret, noko Ulveseter Vacas utnytta, sukkar Kvile.

Innbytar Fabian Bødtker sytte for at kampen enda 2-2 då han skåra frå skrått hald nær kvarteret før slutt.

– Alt i alt meiner eg me var klart betre enn Varegg. Eg registerer at Ørjan (Håland) seier det var ein jamn kamp, men slik eg, og truleg dei fleste på tribunen, såg det – var me klart betre enn Varegg. Me hadde ballen mest, kom på dei farlegaste overgangane og skapte flest sjansar. Alt i alt var det ein god generalprøve for oss, seier Kvile.

Han nytta 19 spelarar i oppgjeret.

Til Stord som underdog

Komande onsdag reiser Os til Stord for å spela kvalikkamp for NM-deltaking. Kvile meiner Stord må tola å vera favorittar i den kampen.

– Det blir eit 4. divisjonslag borte mot eit 3. divisjonslag. Det er klart dei er favoritter. Men når det er sagt, så passar det oss nett fint å vera underdog. Me skal i alle høve gje alt, seier Kvilen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han reknar med å ha Mats Cato Moldskred tilbake i laget til den kampen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no