Delar ut millionar: Denne veka blir det delt ut 225 millionar kroner til tusenvis av lag og organisasjonar.

Grasrotandel: Os Turn får mest - sjekk kva ditt lag får

Det er i underkant av 200 grasrotmottakarar i Bjørnafjorden kommune. Det varierer stort kor mykje dei ulike får.

Årets første utbetaling frå Grasrotandelen er klar. 225 millioner kroner blir denne veka sende til lag og foreiningar i heile Noreg.

I Bjørnafjorden er toppen av lista prega av idrettslag. Os Turnforeining har no 638 grasrotgjevarar, som har sytt for at klubben får 155.833 kroner utbetalt. Lysekloster Idrettslag er nummer to på lista. 230 har vald å støtta Lysekloster med ein andel av spelinga si på Norsk Tipping. Desse har sytt for rett i underkant av 70.000 kroner til idrettslaget i denne utbetalinga. Nore Neset har i underkant av 200 fleire gjevarar, men dei får «berre» rett over 60.000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her kan ein sjå heile lista. Ein kan lasta ned excel-dokumentet. Frå der kan ein velja Vestlandet, og så trykka på kommune-fanen, og velja bort alt som ikkje er frå Bjørnafjorden - om ein vil.

Nesten 1,3 millionsr av Norsk Tippings kundar har valt ein grasrotmottakar. Det kostar dei ingenting, og eit beløp som tilsvarer sju prosent av spelinnsatsen deira, går til den grasrotmottakaren som kunden har valt. Dette er spel-kundanes støtte direkte til foreininga eller klubben dei er glade i.

Trass i nesten 1,3 millioner gjevarar, skal det likevel framleis vera mange av Norsk Tippings kundar som enno ikkje har valt seg ein grasrotmottakar.

- Eg oppmodar alle til å bli grasrotgjevarar - i dag, sier Åsne Havnelid, administrerande direktør i Norsk Tipping.