Os-trenar Kenneth Husebø og resten av handballherrene kunne jubla for nok ein siger. Os slo Åsane 29-23. (Arkivfoto)
Os-trenar Kenneth Husebø og resten av handballherrene kunne jubla for nok ein siger. Os slo Åsane 29-23. (Arkivfoto)

- Gutane fekk høyra det i pausen

Førsteomgangen mot Åsane var fylt med mas og støy og lite fokus på arbeidsoppgåver, men etter kvilen heva handballherrene til Os seg og tok nok ein siger søndag.

- Før kvilen heng spelarane seg opp i ting dei ikkje kan gjera noko med, som taklingar og situasjonar og dommaravgjerder. Alt skulle dei reagera på, og det blei berre støy og tull, seier Os-trenar Kenneth Husebø.

Fokusert på arbeidsoppgåvene

Før kvilen veksla Os og Åsane på å vera i leiinga. Os gjekk til pause med tomålsleiing, 13-11.

Artikkelen held fram under annonsen.

I pausen fortel Husebø at spelarane fekk høyra det, og meldingane såg ut til å nå fram.

- Vi blei einige om å gjera noko med det vi kan gjera noko med, og det er å spela god handball. Då blei det mykje kjekkare for alle dei involverte; spelarane, publikum og oss på sidelinja, seier Husebø, og held fram:

- I andreomgang er spelarane fokuserte på arbeidsoppgåvene, og vi er mykje betre enn Åsane, og vi vinn til slutt greitt.

Veim Haugland med ti mål

Då sluttsignalet gjekk, stod det 29-23 i favør Os. Arne Veim Haugland blei toppskårar med ti mål. Han har så langt bøtta inn mål og vore ein viktig bidragsytar til at Os toppar tabellen.

- Han skårar mykje, men har også veldig mange skot, seier Husebø og ler.

- Men det er klart at han har vore viktig.

- Er det fleire du vil trekkja fram etter den gode sesonginnleiinga?

- Einar Godøy har gjort ein kanonjobb i mål så langt. Isak Røen har vore god etter at han kom attende. I tillegg vil eg nemna 18-åringen Mats Brunvatne, som har vore god på vingen, og Nils Andris Hamre, som også er ein god og ung spelar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gode nok til å tevla i toppen

Os´ neste kamp er ikkje før 24. oktober, borte mot Årstad.

- No skal vi trena godt, og heva oss endå eit par hakk til Årstad-kampen, og få eit betre treningsgrunnlag til kampane før jul, seier Husebø.

- Har du trua på at de kan halda dykk på toppen av tabellen heilt til sesongen er over?

- Gutane er gode nok til å gjera det. Får vi stabilitet i treningane, og hevar botnnivået vårt, så kan vi liggja i toppen. Men det er nokre sterke lag i avdelinga. Ut frå det eg har høyrt, vil nok NHH vera veldig sterke, seier Husebø.

Nettopp NHH er det neste laget som kjem på besøk i Os-hallen. Den kampen går 30. oktober.

- Det ser vi fram til. Det er alltid kjekt å spela mot gode lag, seier Husebø.