Gjengen på Nore Neset gutar 13 er ikkje i tvil om at det er tøft å spela handball. Gutane gjorde ein solid innsats på gutehandballdagen fredag. - Me skal inspirera den yngre garde, sa gjengen.
Gjengen på Nore Neset gutar 13 er ikkje i tvil om at det er tøft å spela handball. Gutane gjorde ein solid innsats på gutehandballdagen fredag. - Me skal inspirera den yngre garde, sa gjengen.

- Handball er både kjekt og tøft

Nore Neset gutar 13 er ikkje i tvil om at handball er tingen. Fredag gjorde dei ein innsats for å rekruttera fleire gutar til sporten.

Om rekrutteringa til gutehandballen blir like bra som på gutehandballdagen er det ikkje farleg.

Fredag stilte 150 lærevillige gutar i alderen 6-12 år på gutehandballdagen-arrangementa i Oshallen og i Nore Neset Aktivitetshus. Det er truleg langt fleire enn talet på gutar og menn som per dags dato driv med sporten her i bygda.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er absolutt behov for å ropa eit varsku for gutehandballen. Her i Os Turn mista me nett eit gutar 14-lag, så no byrjar det å sjå rimeleg tynt ut bak herrannes 3. divisjonslag, vedgår leiar i handballgruppa på Kuventræ, Rebecca Lerch Dahl.

Nyttig løft

Veteran-trenar Brit Tungeland har vore med i Os-handballen nær sagt heile livet. Ho seier at fenomenet ikkje er nytt, men er samd i at det er på tide å ta eit tak for å rekruttera fleire gutar.

- Det var jo slik då eg var liten også. Jentene spelte handball og gutane fotball. Men eg har absolutt trua på at ein dag som denne vil gjera god nytte. Både Nore Neset IL og Os Turn har bruk for og plass til mange talentfulle gutar, seier Tungeland.

Ansvarleg for gutehandballdagen, Eirik André Hesthamar, var i alle høve imponert over oppmøtet på fredagens arrangement.

- At me klarar å samla 150 unge, potensielle handballspelarar, og at over halvparten er 1. og 2. klassingar er veldig positivt. Tenk om me kan få i gang desse yngste med denne sporten alt frå no av. Då har me garantert mange gode talent i bygda om nokre år, seier Hesthamar.

Fysisk sport

Med så mange påmelde måtte arrangørane gjera nytte av bygdas to handballhallar fredag. Dei yngste var samla i Nore Neset Aktivitetshus, dei eldste i Oshallen.

Blant totalt 60 frivillige unge og vaksne instruktørar var igjen gutane i mindretal. Men på Nore Neset var det vanskeleg å unngå å leggja merke til den tøffe gjengen med unggutar frå NNILs gutar 13-lag.

- Me er med for å få fleire gutar inn i sporten. Me kan ikkje anna enn å anbefala handball. Det er knallgøy, seier Nicholas Særvold Pedersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jonas Lerch Dahl nyttar høvet til å avliva ein myte.

- Gutar trur det er så tøft å spela fotball, og at det er så fysisk. Eg har drive med begge delar. Det er langt, langt meir fysisk å spela handball. Der er det riving, slåsting og sliting. Verkeleg god action, reklamerer Jonas.

Dei to gutane har store ambisjonar innan hanballen.

- Det er inspirerande å sjå på landslaget vårt. Det hadde vore moro å bli god nok for det, smiler gutane.

Kort kortspurt

For å gjera handballdagen variert og morosam var det lagt til rette for mange ulike leikar og øvingar. På Nore Neset hadde dei like greit lånt litt av skulens trivselsleikar.

- Det er viktig å gjera dagen litt variert. Me snakkar om unge gutar som lett kan bli litt rastlause. Men med så mange gode hjelparar som me har med i dag, blir nok dette ein fin og vellukka dag, seier Eirik André Hesthamar etter å ha starta opp gutehandballdagen på Nore Neset.

Blant dei meir originale oppvarmingsøvingane der var kort-stafetten, der fire lag fekk kvar sin kortvalør, og måtte springa att og fram til ein bunke med kort for å samla på sin "farge".

I Oshallen var det meir handballorientert frå start av. Hans Brunvatne jobba med pakketeknikken, Nils Andris Hamre fekk opp dampen med stafett med ball og på fleire stasjonar jobba gutane rett og slett med styrketrening.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei skal få ta seg godt ut her på føremiddagen. Så vert det ein god lunsj med påspandert fiskeburgar frå Lerøy mat og frukt frå Bama til lunsj. Eg trur dei skal få kosa seg godt, konkluderte Rebecca Lerch Dahl.