Arne Hadler-Olsen og makker Adrian Lindgren har saman med den norske troppen vore på treningsleir i Ås kommune sidan starten av mai og fått trent godt.
Arne Hadler-Olsen og makker Adrian Lindgren har saman med den norske troppen vore på treningsleir i Ås kommune sidan starten av mai og fått trent godt.

Har forma inne før U23-VM

Arne Hadler-Olsen fortel at han og makker Adrian Lindgren har rodd fort på trening i forkant av U23-VM i Poznan.

I starten av mai reiste den norske troppen på treningsleir til Årungen i Ås kommune. Der har dei trent godt og lada opp til VM i Poznan i Polen. Arne Hadler-Olsen frå Os Roklubb skal ro dobbeltsculler saman med Adrian Lindgren frå Tønsberg Roklubb.

– Vi kjenner kvarandre godt. I fjor rodde vi U23-EM i Polen og fekk ein sjetteplass. Året før rodde vi dobbeltfirar i Nederland. Vi har også blitt nordiske meistrar i junior saman tidlegare, seier Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil prøva å koma seg til semifinalen

Vidare fortel Hadler-Olsen at nivået er høgt i U23-VM, og at det skal mykje til for at dei får ein pallplass.

– Vi får sjå korleis vi heng med då forsøket går av stabelen torsdag, seier han og held fram:

– Vi vil prøva å koma oss til semifinalen. Om vi kjem dit, er målet å ta seg til A-finalen. Dei som ikkje kvalifiserer seg til semifinalen hamnar i C-finalen.

Hadler-Olsen og Lindgren har rodd saman i fire år, og har blant anna blitt nordiske meistrar i junior saman.
Hadler-Olsen og Lindgren har rodd saman i fire år, og har blant anna blitt nordiske meistrar i junior saman.

U23-VM går føre seg på regattabanen på Lake Malta i Poznan – som er blant dei mest moderne baneanlegga i verda.