Kampen tilbake: – Dette er kanskje noko av det største eg har gjort på skøytebanen.

Har kjempa seg inn i OL-troppen etter skrekkskaden. Fekk gladmeldinga måndag

Sverre Lunde Pedersen fekk gladmeldinga måndag.

Olympiatoppen tok måndag ut den første gruppa med 47 utøvarar til OL i Beijing.

– Dei som er tatt ut no er dei klaraste kandidatane, samt dei som har behov for å få beskjed tidleg, seier toppidrettssjef Tore Øvrebø.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er trygge på at alle desse utøvarane er på det prestasjonsnivået som er forventa i OL.

Mellom dei 47 er altså Sverre Lunde Pedersen som er tilbake etter sykkelulukka som gjorde at han var sengeliggjande så seint som i juli.

– Dette er kanskje noko av det største eg har gjort på skøytebanen. Tusen takk til alle som har støtta og hjelpt meg, skriv Sverre sjølv på Facebook.

Les også
Var sengeliggjande i juli: – Om Sverre kjem seg til OL, er det ein prestasjon utan like
Les også
Sverre har reist seg på nytt og på nytt. No står han føre si aller tøffaste utfordring nokosinne