Her jublar dei etter å ha rykt opp til førstedivisjon

G19 slo til i sesongens siste kamp på Kuventræ tysdag.

— Det er stort å rykka opp i den aller siste kampen. Og litt ekstra stas for dei spelarane som var med Os 2 på nedrykket til fjerdedivisjon.

Det seier assistenttrenar Kristian Hjelvik Halvorsen (24), som i hovudtrenar Stian Kvåles fråvær, var gårsdagens kampleiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel om ei spent stemning før kampen mot Sandviken 2.

— Jobben min var å gjera gutane rolege og få dei til å spela sitt vanlege spel. Eg ville at dei skulle få den gode opplevinga i denne kampen her.

Og ei god oppleving vart det, sjølv om det var spennande undervegs.

Sverre Spangelo Haga skåra det fyrste målet i kampen etter 11 minutt. Men berre fire minutt seinare utlikna Sandviken.

Etter 37 minutt auka dei leiinga. Dermed gjekk laga i garderoben på stillinga 1-2.

Heldigvis kom osingane knallsterkt tilbake etter pausen. Kaspar Klett Mjøsen utlikna til 2-2 i det 58. minutt.

Eit kvarter seinare sytte Jonathan Mjånes Lund for leiing til Os, og etter 83 minutt sette Kaspar Klett Mjøsen spikeren i kista med 4-2.

Dermed blir det spel i G19 1.divisjon neste år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle 18 fekk spela

— Det var skikkeleg spennande. Vi skåra fire fine mål, og spelte til tider bra fotball. Gutane gjorde det vi vart einige om i pausen, seier ein nøgd assistenttrenar.

Han er spesielt godt nøgd med at alle dei 18 spelarane som var tekne ut til kampen, fekk speletid.

— Kan du beskriva stemninga i garderoben etterpå?

— Å vinna på heimebane i siste kampen, gir både ein sjølvtillits-boost og ei sterk fellesskapskjensle. Du ser jo på videoen at alle synest dette var kjekt, smiler han.

Spelar og trenar: A-lagsspelar Kristian Hjelvik Halvorsen elskar å spela fotball, men synest nesten det er endå kjekkare å vinna kampar som trenar.

I tillegg til å vera assistentrenar, er 24-åringen på A-laget til Os.

— Kva er størst, å vinna kampar sjølv eller å vinna som trenar?

— Det er eit vanskeleg spørsmål. Eg elskar å spela fotball, men det å trena ungdomar og vera ein del av fellesskapet, sjå dei utvikla seg og sjå gleda dei har, ja, det er kanskje endå større, seier han.