Martin Pedersen er råsterk på hovudet. Her set han inn sitt andre med pannebrasken og Lysekloster tek leiinga 2-1.
Martin Pedersen er råsterk på hovudet. Her set han inn sitt andre med pannebrasken og Lysekloster tek leiinga 2-1.

– Herleg å få vist mitt full potensiale

I Kristoffer Østervolds skadefråvêr viste Martin Pedersen til fulle sitt potensiale som spiss. Tre perlar av mål teikna han seg for mot Brodd.

Gjestane frå Storhaug i Stavanger kom med eitt mål for auge laurdag. Liggja lågt og kontra når sjansen baud seg. Resultatet vart ein noko statisk første omgang, der Lysekloster spelte power-play på Brodds banehalvdel, utan at det vart så alt for mange sjansar ut av det.

Men to mål vart det likevel før laga gjekk til pause. 1-0 kom etter at Andrè Matos kom seg rundt på venstrekanten og lagt inn til Martin Pedersen. Spiss-vikaren steig til vers og hedda opp i nettmskane til side for keeper.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dessverre fekk ikkje heimelaget gåt til pause med leiing. Knappe to minutt etter, i det 44. minutt, fekk Brodds toppskårar Sindre Haaberg ein stikkar og skåra sikkert åleine med Kjetil Hansen. Dermed stod det 1-1 til pause.

Pressa høgare

På veg inn i pausen oppsummerte Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik første omgangen slik:

– Det blir litt statisk når Brodd ligg i 4-5-1 og berre går for 0-0 eller mål på kontring, men eg er nøgd med korleis me malar og malar utan å ta for stor rissiko. Utover i andre omgang kjem dei garantert til å bli slitne.

Torvald Trætteberg var god på høgrekanten mot Brodd.
Torvald Trætteberg var god på høgrekanten mot Brodd.
Martin Pedersen vert gratulert etter å ha sett inn sitt tredje mål for dagen.
Martin Pedersen vert gratulert etter å ha sett inn sitt tredje mål for dagen.
Vladan Radojkic skjærar inn frå venstrekanten og fyrar inn 3-1-målet på meisterleg vis.
Vladan Radojkic skjærar inn frå venstrekanten og fyrar inn 3-1-målet på meisterleg vis.

Og Ruben fekk sjølvsagt rett. Lysekloster pressa stundom Brodd endå høgare i det dei prøvde å setja i gang bakrfrå. I tillegg lukkast dei betre med å køyra tempo og få opningar i mellomromma. Spesielt kom Lysekloster fint gjennom på høgre kant, der Denis Ljubovic og Torvald Trætteberg var gode.

2-1 vel ti minutt ut i omgangen etter eit innkast frå nettopp høgresida. Kaptein Mats Walberg stussa vidare til Martin Pedersen, som igjen viste å ha kraft og styrke på hovudet. Ballen gjekk opp i vinkelen.

Ti minutt seinare vart Stian Dyngeland spelt gjennom og stoppa med ulovlege midler. Det resulterte i rauddt kort på Brodd-kaptein Simen Thøgersen.

Like etter skjærte Vladan Radojkic inn frå sidan og la på til 3-1, før Pedersen teikna seg for sitt tredje for dagen på eit knallhardt langskot.

5-1 kom eitt minutt på overtid og vart sett i mål av innbytar Marcus Sannes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målskårar av rang

Martin Pedersen vart kåra til banens beste av kampens jurye.

– Det var herleg å få visa mitt fulle potensiale. Me fekk meir rom i andre omgang og då kom også måla, seier tremålsskåraren.

– Er du nøgd med å vera spiss-vikar for skadde Kristoffer Østervold?

– Nei, eg vil sjølvsagt spela, men Kristoffer er veldig god og me treng han tilbake igjen. Så får me håpa at me av og til kan spela saman, seier Pedersen.

Trenaren var supernøgd med målskårar Pedersen.

– Han er veldig god. På trening dunker han inn mål etter mål. På sitt beste er han kanskje den beste avsluttaren me har i laget, skryter Hetlevik.

Østervold fekk ti minutt på slutten og håpar å vera heilt klar til toppkampen borte mot Sotra komande helg.

– Eg har slite med ein betennelse i hæla. Eg håpar å vera heilt klar mot Sotra. Den kampen SKAL eg ha med meg, seier austevollingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kampfakta:

Lysekloster - Brodd 5-1 (1-1)

Lysekloster Framo Idrettspark

Dommarar: Martin Davitian, Nymark. Linjemenn: Renè Nordvik, Nore Neset IL og Martin Røed Knudsen, Tertnes.

Tilskodarar: 100

Lyseklosters lag: Kjetil Hansen - Andrè Matos, Mats Walberg, Szymon Walczak, Denis Ljobic - Hasan Rahmani, Rune Mo, Vladan Radojkic - Torvald Trætteberg, Martin Pedersen, Stian Dyngeland. Innbytarar med speletid: Sigve Rørstad, Marcus Sannes og Kristoffer Østervold.