Maria Haugse Rød, Hedda Singelstad Kåsa og Guro Femsteinevik stod for ei kjempeprestasjon då dei  gjekk HIL sitt stafettlag inn til andreplass på stafetten for jenter 13-16 år. (Privat foto)
Maria Haugse Rød, Hedda Singelstad Kåsa og Guro Femsteinevik stod for ei kjempeprestasjon då dei gjekk HIL sitt stafettlag inn til andreplass på stafetten for jenter 13-16 år. (Privat foto)

Herleg avslutning på skiskyttarsesongen

26 utøvarar frå Hålandsdal IL avslutta sesongen med god innsats i Liatoppen skiskyttarfestival. Fleire enda opp med medalje.

Verdas største skiskyttarfestival gjekk av stabelen i Ål i helga som var. Årets utgåve av Liatoppen skiskyttarfestival var den 30 i rekkjen, og tradisjonen tru stilte Hålandsdal IL med godt med utøvarar i festivalen.

Totalt 26 utøvarar frå HIL var i aksjon. Dei fleste gjekk tre renn, stafett, sprint og sprint, og for dei eldste (13-16-åringane) – stafett, sprint og fellesstart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Glade sølvjenter

Totalt 1.100 utøvarar var i aksjon i dei flotte løypane på Liatoppen. På fredagens sprint var 227 lag påmelde. I så måte var det ein svært så sterk prestasjon av HIL sitt jenter 13-16-lag, som gjekk inn til andreplass.

Maria Haugse Rød, Hedda Singelstad Kåsa og Guro Femsteinevik stod for den prestasjonen. Dei gjekk strålande etappar alle tre. Andreplass i ein klasse med 33 lag er verkeleg sterkt.

HIL stilte elles med to gutelag i 13-16-årsklassen. Otto Femteinevik, Eirik Hjartnes og Anders Rød kom på 9.plass av 55 lag.

Eirik Rød imonerte stort då han gjekk inn til tredjeplass på laurdagens sprint for gutar 11 år. (Privat foto)
Eirik Rød imonerte stort då han gjekk inn til tredjeplass på laurdagens sprint for gutar 11 år. (Privat foto)
Hålandsdal IL viste seg godt fram i sesongens siste store skiskyttarrenn. Her er om lag halvparten av gjengen samla. (Privat foto)
Hålandsdal IL viste seg godt fram i sesongens siste store skiskyttarrenn. Her er om lag halvparten av gjengen samla. (Privat foto)

Øyvind H Halvorsen, Kristoffer Haugse Rød og Thomas Aarseth kom på 23.plass i samme klasse.

Guro til topps

Individuelt var det Guro Femsteinevik som gjorde det best denne helga. På søndagens fellesstart gjekk ho heilt til topps i klassen for jenter 13-16 år.

Eirik Rød stod også for ein flott enkeltprestasjon då han gjekk inn til tredjeplass på søndagens sprint.

Elles er det rimeleg stort å koma inn blant dei ti beste i renn med så mange deltakarar. Difor tek me med Anders Røds fjerdeplass på gutar 13 sin sprint laurdag, femteplassen til Guro Femsteinevik på laurdagens sprint og åttandeplassen til Kristi Skjelbreid Gjelland på sprinten for jenter 13 år laurdag.

Kenneth Svenningsen

Artikkelen held fram under annonsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no