Erik Kanestrøm tente håp om siger då han sette inn 2-2-målet mot Spjelkavik. Dessverre for
Erik Kanestrøm tente håp om siger då han sette inn 2-2-målet mot Spjelkavik. Dessverre for

Herleg opphenting

Det starta fomlande og halvhjarta, men kom seg adskileg etter pause. Etter å ha lege under 0-2, reduserte Os to gonger og fekk teljande poeng i seriepremieren heime mot Spjelkavik.

Det gjekk mange gjeteord om Spjelkavik før måndagens seriepremiere på Kuventræ. Den tidlegare Aalesund-spelaren Tor Hogne Aarøy og hans mannskap hadde tydelegvis gjort det godt i treningskampane i vinter. Ein stund såg det ut til at Os-mannskapet hadde meir respekt for motstandaren enn naudsynt.

Jaudå, visst var dei nesten like høge som trenaren fleire av spelaren, og visst var dei fysisk robuste, men så mykje betre enn osingane var dei ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mest av alt var det i duellspelet dei overgjekk heimelaget på måndag. To gonger gav det teljande resultat.

Først i det 30. minutt då Os-keeper Anders Kloven sklei og klarerte rett til Spjelkavik-angriper Benjamin Sundberg, deretter då det glapp på ein markering etter eit hjørnespark kring fem minutter etter. 

 

Litt startnerver

0-2 i sekken var uansett meir enn Os hadde fortent å få i mot.

Christoffer Hafsås ser ut til å vera i god form, og var sikker som banken, då han fekk sjansen åleine med keeper. Her reduserer han til 1-2.
Christoffer Hafsås ser ut til å vera i god form, og var sikker som banken, då han fekk sjansen åleine med keeper. Her reduserer han til 1-2.

– Me var litt nervøse og famlande i førsteomgang, men etter kvilen styrte me frå start til slutt. Alt i alt meiner eg me hadde fortent tre poeng, seier Os-trenar Hassan El Fakiri.

Han var sånn pass nøgd med seriepremieren.

 Eg er nøgd med spelet og korleis me pressar på og styrar kampen etter kvilen, men eg synest ikkje me får godt nok betalt. Me har såpass trykk på dei at me lett kunne fått eit mål til og vunnet kampen, seier Fakiri.

Det vart med to heimeskåringar denne måndagen. Først ved Christoffer Hafsås som banka ballen i mål då han kom åleine med Spjelkavik sin sisteskanse. Deretter ved veteran Erik Kanestrøm, som fekk lobba inn ein retur etter ein dødball i det 72. minutt.

Meir direkte

Mest gledeleg på måndag var det å sjå at årets utgåva av Os er blitt eit meir framoverretta og direktespelande lag. No kan det sjølvsagt koma av at dei var nøydde til å pressa høgare etter å ha kome under med to mål i første omgang, men det verka å vera bra sett i system. Innbytar Rafael Villen var viktig i opphentinga. Han var særdeles god då han kom inn, og var også mannen som serverte Hafsås då han skåra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os sitt lag: Anders Kloven - Torkel Hjertnes, Biko Brennan (Thomas Fosen), Divaldo Cardoso, Knut Haga - Marius Mikkelsen, Adrian K. Valle (Rafael Villen 45.), Erik Kanestrøm (Torgeir Lunde 77. min.) - Øystein Takle Eide, Christoffer Hafsås, Glenn Krossøy (Ole Martin Kolskogen 59.)

Os beste spelarar: ***Rafael Villen, **Christoffer Hafsås, *Biko Brennan.