Lars Eirik Vevatne og Tord Grindstein rodde inn til andreplass i HJB dobbeltsculler. (Alle
Lars Eirik Vevatne og Tord Grindstein rodde inn til andreplass i HJB dobbeltsculler. (Alle

Hevda seg godt i eigen opningsregatta

Os Roklubb klinte til med opningsregatta for første gong. Klubbens utøvarar hevda seg godt.

Tradisjonen tru er det haustens UM og Ulvenregatta som er det store for Os Roklubb. Det vert det nok også i 2018, men denne sesongen utvida klubben arrangement-reportoaret med ein stor opningsregatta 1. mai.

Forutan eigne deltakarar kom roarar frå begensområdet og Fana roklubb.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Isen låg lenge på Ulvenvatnet denne vinteren, så utøvarane våre fekk ikkje meir enn to veker med uteroing, før denne opninga, fortel rosjef Erik Vevatne.

Roarane frå Bergen starta to veker tidlegare.

– Slikt har litt å seia, men utøvarane våre klarte seg veldig bra, og fleire hevda seg godt i konkurranse med bergensarane, fortel Vevatne.

Mikael Ottesen Hustad og Håvard Askivk vart nummer to i sitt heat.
Mikael Ottesen Hustad og Håvard Askivk vart nummer to i sitt heat.
I klassen for MIX Master vart Erik og Lisbeth Vevatne nummer to.
I klassen for MIX Master vart Erik og Lisbeth Vevatne nummer to.

Vaktskjold vann

I klassen for open nybyrjar rodde Viktor Lunde og Didrik Vik inntil ein flott andreplass.

- Dette var gutanes første regatta. Duoen var supernøgd, fortel Vevatne.

I klassen for Herrar junior A rodde Erik Vaktskjold inn til siger i singelsculler. Lars Moberg Haukeland tok bronse.

I dobbeltsculler for herrar junior B deltok Os med to båtar. Lars Eirik Vevatne og Trond Grindstein rodde i eit heat, medan Håvard Askvik og Mikael Ottesen Hustad rodde i eit anna heat. Begge båtane enda som nummer to.

Gull til Eivind

Ein annan osing som gjekk til topps i sin klasse, var Eivind Vevatne. Han vann singelsculler for herrar junior D.

Artikkelen held fram under annonsen.

I klassen DJC stilte Os med to båtar. Linea Rådmansøy Lunde og Andrea Bastiansen Kvittingen rodde den eine, medan Matilde Ottesen Hustad og Malin Meyer-Lohne rodde den andre. Linea og Andrea vant gullet framfor Matilde og Malin som kom på sølvplass.

I klassen HJB dobbelfirar kom Os-båten med Håvard Askvik, Mikael Ottesen Hustad, Espen H. Sørstrømmen og Johannes K. Forsbø på bronseplass.

Tripppel Os

I klassen DJC singelsculler deltok Os med tre båtar. Linea Rådmansøy Lunde tok gull, Andrea Bastiansen Kvittingen tok sølv, medan Matilde Ottesen Hustad tok bronse.

I klassen for HJD dobbelsculler tok Eivind Vevatne og Marius Ottesen Hustad førsteplassen.

I klassen HJB singelsculler tok Lars Eirik Vevatne gullet framfor Bergens roklubb.

I klassen DJB dobbelfirar stilte Os og Bergen med en kombinasjonsbåt som rodde inn til tredjeplass. Jentene i båten var Karina Fiskerstrand (Bergens roklubb), Linea Rådmansøy Lunde, Andrea Bastiansen Kvittingen og Matilde Ottesen Hustad.

Fadderløp

I klassen HJA Dobbelsculler kom Lars Moberg Haukeland og Erik Vaktskjold på 3. plass.

I klassen MIX Master rodde Eirik og Lisbeth Vevatne inn til en 2. plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

I klassen HJA/B toar utan styrmann rodde Erik Vaktskjold i en kombinasjonsbåt med Bergens roklubb (Andreas Fiskerstrand) og her kom dei på 2. plass.

På denne regattaen var det også eit fadderløp der nye roarar som ikkje har vore på vatnet tidlegare kunne ro i lag med erfarne roarar og på den måten få prøva korleis det er å ro regatta. I denne klassen stilt Os med to båtar. Lars Moberg Haukeland (fadder) rodde med Isak Heggland, Lars Eirik Vevatne (fadder) rodde i lag med Linn Kristin Vevatne. Både Isak og Linn Kristin var godt nøgde med løpa.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no