Sofie Olsvold Hausberg vann lengde-konkurransen i Bergenslekene i helga.
Sofie Olsvold Hausberg vann lengde-konkurransen i Bergenslekene i helga.

Hevda seg i Bergenslekene

Fleire utøvarar frå Os Turn var i helga i aksjon i Bergenslekene i Åsane. To gull og ein bronse vart fasiten.

Bergenslekene gjekk av stabelen på Leikvang stadion i Åsane i helga som var. Os Turn sine utøvarar gjorde det veldig bra.

- Me har all grunn til å vera nøgde med innsatsen til utøvarane våre. Fleire fekk ut sitt beste, og nokon hevda seg til og med i toppen i sin klasse, oppsummerer friidrettstrenar i Os Turn, Jan Borgen.

Artikkelen held fram under annonsen.

To til topps

Best gjekk det for Sofie Olsvold Hausberg og Sondre Herrevold som begge gjekk til topp i kvar si øving.

Med eit hopp på 4,70 meter vann Sofie lengdekonkurransen for jenter 16 år. Ho tok også ein fin femteplass på 100-meter.

Sondre kasta spydet sitt 46,80 meter. Med det gjekk han til topps i klassen for menn 18/19 år.

Ei anna som kunne seia seg nøgd med innsatsen var Maria Haustein. Ho tok bronse i lengde for jenter 15 år. Hennar lengste teljande svev var på 3,91 meter.

Haustein debuterte også på 200 m hekk. Her vart ho nummer fire.

Marie Mowinckel-Nilsen var uheldig med starten sin på 100 m. Likevel sprang ho inn til fjerdeplass i klassen for jenter 15 år.

Resultat

Jenter 15 år:

100 m: 4. Marie Mowinckel-Nilsen 13,97, 6. Marie Haustein 15,52.

Artikkelen held fram under annonsen.

200 m: 4. Maria Haustein 39,72.

Lengde: 3. Maria Haustein 3,91.

Jenter 16:

100 m: 5. Sofie Olsvold Hausberg 13,97.

Lengde: 1. Sofie Olsvold Hausberg 4,70.

Herrar 18/19 år:

Spyd: 1. Sondre Herrevold 46,80.