Oddbjørn Aspenes tok gull i veteranklassen for menn +35 år. Dette var Os KK sitt fjerde gull i meisterskapen. (Privat foto)
Oddbjørn Aspenes tok gull i veteranklassen for menn +35 år. Dette var Os KK sitt fjerde gull i meisterskapen. (Privat foto)

Historisk meisterskap for Os Karateklubb

Aldri tidlegare har dei vunne meir enn eitt EM-gull. I Rotterdam stakk Os Karateklubb av med fire.

Meisterskapen i Wado-karate starta på best tenkjeleg vis med EM-gull til Benjamin Askvik og Armin Palislamovic fredag ettermiddag.

Mista stemma

Søndag vart det to nye triumfar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det har vore ei fantastisk helg. Me er strålande nøgde, kviskrar Vidar Mjånes på telefon frå Rotterdam.

Os KK-veteranen hadde knapt ikkje stemme.

- Det kostar å heia fram utøvarane våre, kviner Mjånes, før han resignerer og gjev telefonen til Amanda Njøten.

Fredag feira Armin Palislamovic og Benjamin Askvik kvart sitt EM-gull.
Fredag feira Armin Palislamovic og Benjamin Askvik kvart sitt EM-gull.

- Hehe, eg må visst ta over her. Vidar har ikkje meir stemme igjen, seier Njøten.

Ho kan fortelja at klubben aldri har teke meir enn eitt gull i EM-samanheng.

- Det har vore ein historisk stor meisterskap for oss. Fire gull er utruleg bra, seier ho.

Første gull

Veteran Oddbjørn Aspenes gjorde comeback i meisterskap-samanheng Danmark i fjor. Då enda han med sølv.

I Rotterdam denne helga vart det eitt steg opp på pallen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var imponerande. Me er stolte over innsatsen til Oddbjørn, kommenterer Mjånes.

Oddbjørn møtte ein engelskmann i finalen. Ved full tid stod det 6-6, men osingen vart til slutt dømt til siger.

Andre gull

Det fjerde og siste EM-gullet var det Armin Palislamovic stod for. 16-åringen gjekk lagkamp for Noreg og tok gull i lag med Adrian fra Sarpsborg og Julian fra Mo i Rana.

Med det tok osingen sitt andre gull i denne meisterskapen.