Os-trenar Trond Førde Eriksen og ikkje ukjende Jan Stankiewicz, som i dag er keeper-trenar på Fana 2, kjem til å møta kvarandre fleire gonger denne sesongen.
Os-trenar Trond Førde Eriksen og ikkje ukjende Jan Stankiewicz, som i dag er keeper-trenar på Fana 2, kjem til å møta kvarandre fleire gonger denne sesongen.

Høg på pæra i Strandebarm

Trond Førde Eriksen var høg på pæra før møtet med Fana 2 og Jan Stankiewicz. Oppgjeret vart jamnare enn biletet skulle tilseia.

Den nye Os-trenaren var i superslag då «Os og Fusaposten» møtte han og Os-damene i Strandebarm laurdag.

På veg frå lagbilete-taking kunne han ikkje dy seg frå å erta keeper-trenar for Fana 2, Jan Stankiewicz, før ettermiddagens oppgjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Hei, ta bilete av oss no, så får du fram litt av nivåskilnaden mellom oss som trenarar, skjemta Førde Eriksen, medan Fana 2-trenaren stod på ein avsats nedanfor og unekteleg såg rimeleg låg ut.

Førde Eriksen og den tidlegare svenske landslagskeeperen har møtte kvarandre mange gonger på banen, men har aldri spelt saman.

- Stankiewicz er ein legende. Han må vera ein kjemperessurs for Fana, legg Førde Eriksen meir alvorleg til.

Os-damene, samt fem jenter 16-spelarar samla ved fjorden i Strandebarm under frukt-pausen laurdag føremiddag.
Os-damene, samt fem jenter 16-spelarar samla ved fjorden i Strandebarm under frukt-pausen laurdag føremiddag.
Gitte Torp er ein ressurs for Os-damene. Under opphaldet i Strandebarm bidrog assistent-trenaren også som barnepassar for Emilie Hjertnes Halhjem sin seks månader gamle Sondre.
Gitte Torp er ein ressurs for Os-damene. Under opphaldet i Strandebarm bidrog assistent-trenaren også som barnepassar for Emilie Hjertnes Halhjem sin seks månader gamle Sondre.

Nyttig kamp

20 jenter var med på treningsleiren til sportellet i Strandebarm i helga. Fredagen fekk dei omsyning på friidrettsanlegget og trena to timar i hallen. Laurdag hadde dei ei lang treningsøkt på føremiddagen, før dei altså spelte treningskamp mot Fana 2 på ettermiddagen.

Og etter rapportane å døma var det lite høve for å vera høg på pæra for korkje Førde Eriksen eller Stankiewicz. Til det var kampen for jamn.

- Det var ein god og nyttig treningskamp for oss begge. Kampuret i hallen verka ikkje, så kven som eigentleg vann etter 60 minutts spel, er eg litt usikker på. Truleg hadde Fana 2 eitt mål meir enn oss, men det vart frykteleg mange mål, så det var ikkje så lett å halda teljinga, fortel Os-trenaren.

Han synest uansett at oppgjeret var nyttig.

- Basen i Fana 2-laget er unge Bjarg-jenter som har spelt i lag sidan dei var små. Dei var godt samspelte og spelte morosam handball. For oss vart det ei utfordring å møta eit offensivt 5-1-forsvar. Det baud på litt problem. Det må me trena meir på, seier Førde Eriksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Læra å "drita seg ut"

Samlinga i Strandebarm innbaud elles til sosialt samvær og rom for å bli betre kjent.

- Me hadde med oss fem jenter frå jenter 16-laget. Slike treningssamlingar er fine for å innlemma dei unge i laget, seier trenaren.

Elles er den friske, nye trenaren oppteken av at spelarane skal våga - både på og utanfor banen.

- Me hadde litt quiz og leikar laurdag kveld. Her handlar det om å by på seg sjølv, og våga å "drita seg litt ut" for kvarandre. Vågar me det, vågar me kanskje meir på banen. Det handlar om å laga ei gruppe der spelarane er trygge på kvarandre. I så måte er slike treningssamlingar utruleg viktige, seier Os-trenaren.

Viktig brikk

Emilie Hjertnes Halhjem er tilbake i årets lag etter eitt års fråver grunna barnefødsel. I helga fekk ho med seg laurdagen.

- Vesleguten min på seks månader er ikkje spesielt lett å få til å ta erstatningsmelk, så då var det like greitt å ta han med på turen, fortel Hjertnes.

Ho fekk med seg laurdagstreninga og treningskampen.

- Me er ein fin gjeng, og det nye trenar-teamet med Trond og Gitte Torp er veldig bra. Eg gler meg til sesongstart, seier strekspelaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag sesongopnar Os-damene i Oshallen med cup-kamp mot Sotra.

- Det er ein kamp me svært gjerne vil vinna. Gjer me det, får me møta Tertnes i neste runde. Det er alltid moro, seier Emilie.