Krus og plakett har vore vanleg fram til no, men med 40-årsjubileet må Erling Andersen & co finna på ein ny premie til dei som har gått samtlege ulvenmarsjar.
Krus og plakett har vore vanleg fram til no, men med 40-årsjubileet må Erling Andersen & co finna på ein ny premie til dei som har gått samtlege ulvenmarsjar.

I støypeskeia med 40-års-premien

21. og 22. april går den 40. utgåva av Ulvenmarsjen av stabelen. Seks personar kan venta seg jubileumspremie.

Blant mange viktige oppgåvar før jubileumstugåva, gjeld det å få laga verdige og flotte deltakarpremiar til dei seks som har gått alle marsjane sidan starten.

– John Fagerthun og eg er i tenkeboksen. Me må få laga til noko flott. Me har fat til dei som har gått 25 gonger, og plakett til dei som har gått 30 og 35 gonger. 40-årspremien må vera noko anna og litt spesiell.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva med ein forgylla, slitt sko?

– Ja, kanskje noko slikt. Me er opne for innspel, ler primus motor for Ulvenmarsjen, Erling Andersen.

Dei seks som har gått alle dei 39 føregåande 14-kilometrane rundt Skeie er: Barbra Nymark, Nina S. Sælen, Britt Eva Brurås, Ottar Skarstein, Otto Tysseland og John Hope.

– Eg reknar med at alle seks stiller også i år. Eg har i alle høve ikkje høyrd noko anna, seier Andersen.

Må rekruttera nye

Dei siste åra har det vore ein nedadgåande kurve i talet på deltakarar i den tradisjonsrike marsjen. I fjor var det første gong på ei årrekkje at ein ikkje ein gong nådde 400 deltakarar.

– Talet har lege på mellom 400 og 500 i lang tid, men under 400 er i lågaste laget av kva me kan tola. Om arrangementet skal vera berakraftig og gje oss løn for strevet, så bør me i alle høve ha godt over 400 deltakarar, seier Andersen.

Han legg til at mange trufaste deltakarar dukkar opp år etter år. Problemet er snarare å rekruttera nye.

– Målet vårt er å få fleire barnefamiliar og unge til å vera med, seier Andersen som også i år kan lokka med innlagt quiz på vegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

For sjette året på rad fremjar idrettslaget arrangementet gjennom eiga «Ulvenmarsjen-avis».

– Det er eit stort dugnadsarbeid både før, under og i etterkant av dette arrangementet. Tenk berre kor mykje arbeid det er med å køyra ut 6.500 avisar, humrar Andersen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no