Fekk ja: Leiar i Søre Neset IL, Bjarte Aarvik, saman med Sparebanken Vest banksjef, Benjamin Norenes, på anlegget til idrettslaget. Om under eitt år vil det vera vegger og tak her, i det som blir Bjørnafjordens første fotballhall.

— Ikkje for å vera frekke, men vi må ha 10 millionar kroner

Søre Neset IL sikta høgt, blei høyrd og er no det første idrettslaget i kommunen som får innandørs fotballbane.

I november 2023 gjekk to representantar frå styret i idrettslaget inn i lokalet til Sparebanken Vest på Osøyro. Der møtte dei banksjef Benjamin Norenes, og bad om eit betydeleg pengebeløp.

— Vi hadde ein presentasjon. Dei tente på ideen. Benjamin spurte kva vi såg føre oss i forhold til finansiering. Ikkje for å vera frekke, men vi må ha 10 millionar kroner, sa vi, fortel leiar i Søre Neset IL, Bjarte Aarvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Store synergieffektar

Sjølv om det er snakk om mykje pengar, fortel banksjef Norenes at Sparebanken Vest ganske snart etter møtet var klare på at dette ønskte dei å støtta. Då var det berre til å starta å jobba.

— Dette er ikkje berre på vegner av banken her lokalt. Det er heile Sparebanken Vest, frå Stavanger i sør til Ålesund i nord, som stiller seg bak, seier Norenes.

Ute på Halhjem skifta idrettslaget fokus frå bygging av fleirbrukshall, til å prioritera eit noko mindre prosjekt, der laget vil bli det første som kan få på plass eit tørt, godt og varmt tilbod til fotballspelarar lokalt, men også i andre bygder i kommunen.

Men ein fotballhall kan brukast til så mykje meir enn berre fotball. Aarvik fortel entusiastisk om alle moglegheitene dette opnar for.

— Vi kan leiga ut. Det er mogleg å arrangera konsertar. Vi kan investera i klikk-parkett og ha handball og volleyball i hallen. Vi kan nytta hallen til utleige.

Utdeling: – Det har vore veldig vanskeleg å halda dette skjult, seier Aarvik, då det var offisiell tildeling i bank-lokalet på Osøyro måndag.

Betre kår for spelarar og trenarar

Synergieffektane er enorme, meiner Aarvik. Gjennom kalde vintrar, med mindre eller ingen aktivitet, er det stor risiko for fråfall.

— Vi har sett fleire gonger korleis dritvêr øydelegg for planlagde aktivitetar. Men også i forhold til organisert trening. Kan vi halda det gåande innandørs gjennom vinteren, er det store sjansar for å halda barna aktive, seier han og legg til:

— Trenarane som jobbar dugnad her også. Det er gjerne lettare å stilla opp med slike kår, heller enn at dei må stå ute og frysa gjennom vinteren og tenkja på kvifor dei gidd å stilla opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Ja, det er nok mange av oss som har kjent på det å skulle starta opp att med noko etter ein pause. Det kan vera tøft å gå i gang igjen. Kan ein unngå brot i aktiviteten, vil det hjelpa stort, seier Norenes.

Banksjefen vil trekkja fram og skryta av trepartssamarbeidet, der banken stiller med pengar, idrettslag med engasjement og kommunen med fagkunnskap.

— Kommunen har verkeleg jobba raskt og stått på, seier Norenes.

Lokal arbeidskraft: I desse dagar går det føre seg arbeidd med å flytta alle sponsorskilta ned til ellevarbanen. Lokale verksemder blir også prioritert når det skal byggjast fotballhall på Halhjem.

Fullfinansiert prosjekt

Etter at banken hadde sagt ja til å støtta prosjektet med 10 millionar kroner, mangla det framleis litt pengar for å koma i mål. Då gjekk det ut ein førespurnad til ein mann som ikkje plar vera vond å be når idrettslag bankar på døra. Trond Mohn sa ja til å matcha beløpet, og gjorde at finansieringa var i boks.

Totalt skal hallen kosta opp mot 26 millionar kroner. Momskompensasjon og spelemidlar frå Norsk Tipping gjer at finansieringa er i hamn.

Lokal arbeidskraft var ein føresetnad

Ute på anlegget til Søre Neset er det i dag store sponsorplakatar opp mot 9-arbanen. Desse er dei i ferd med å flytta. Fleire av dei lokale verksemdene har sikra seg oppdrag med hallprosjektet.

— Det var ein føresetnad at de tenkte lokal arbeidskraft, seier Norenes.

— Det har vi også gjort. Vi bruker utelukkande lokal arbeidskraft. Det er berre ventilasjon som må hentast frå eit firma i Fana. Alle dei andre er lokale, seier Aarvik.